Ipad

Ipad

Skjema for Ipad
Kan Ipaden brukast til andre ting enn skulearbeid?
  • Elevane skal som hovudregel bruka Ipaden til skulearbeid og lekser.
Blir elevane overvåka på sin Ipad?
  • Nei, me overvåkar ikkje elevane.
  • Ved brot på straffelovens bestemmelsar kan politiet få innsyn i loggar etter gjeldande regelverk.
Er elevane trygg på ein Ipad?

For å sikra at eleven er trygg når dei bruker Ipad er elevens brukarkonto mellom anna sett opp med : 

  • eit nettfilter som sperrar for ein del skadeleg innhald
  • reklameblokkering for å skjerma elevane mot reklame
  • sperra for inkognitomodus der elevane kan opptre skjult på nett
  • sperre for barneskulane for innlogging til nokon av Google sine kommersielle tenestene (Youtube, Google Current og Blogger).
  • You tube er sperra for elevar i 1-4 trinn ved saudaskolen
  • for elevar i 5-10 trinn er You tube sett til strengaste nivå "Restricted mode"
  • sperre for å kontakta andre utanfor saudaskulen i chatte- og videotenesta Hangouts
  • sperre for at elevar kan dela innhald frå disken sin
Kan elevane lada Ipad på skulen?
  • Det er forventa at eleven kjem på skulen med tilstrekkelig lada Ipad.
Kve gjer vi dersom Ipad ikkje virkar?
  • Alle feil blir melde til skulen via kontaktlærar.
Korleis skal eleven transportera Ipaden til og frå skulen?
  • Til og frå skulen skal eleven ta vare på Ipaden med deksel i sekken. Pass på at vassflasker og liknande ikkje lekkje.
Kva gjer du om ditt barn mistar eller øydelegg Ipad eller ladar?
  • Viss barnet ditt mistar laderen og/eller kabelen, må denne blir erstatta med originale produkt og må meldast frå til skulen. 
  • For erstatningsansvar, sjå låneavtalen for Ipad mellom skule-heim
Kva gjer du om Ipaden blir stole?
  • Dersom Ipaden blir stole, skal føresette politianmelda tjuveriet og levera kopi av melding til skulen. Eleven vil då få ein låna Ipad inntil saka er avklart hos politiet
Kva blir annleis for føresette?
  • Ein av dei viktige jobbane du gjer som føresett er å følgja opp barnas leksearbeid, og fokuset i skulen vil òg påverka leksesituasjonen.
  • Framover vil det bli ein auke av leksearbeid gjort på Ipad dersom elevane på skulen din har med denne heim.
  • Elevane vil få den faglege opplæringa dei treng på skulen, og skulen vil støtte opp med kompetanse til føresette etter behov.
  • Det skal framleis vera enkelt å hjelpa elevane med heimearbeid, og evnene du treng som føresett kan samanliknast med ein middels bruk av Facebook
Lekser på Ipad
  • Det er ei forventning at foreldre i saudaskulen er medspelarar i læringa til barna. I det digitale arbeidet betyr det å jamleg sitja saman med barn og unge som er logga inn i læringsverktøy og arbeidar på sin Ipad
Treng me å kopla Ipad til internett heime?
  • Ja, sjølv om mykje av funksjonaliteten kan brukast utan nett bør Ipad vera på internett for det arbeidet som skal gjerast heime. 
Gløymt eller mista passord
  • Ta kontakt med kontaktlærar om du har gløymt eller mista passord.
Kva gjer me om Ipad ikkje virkar når eleven skal gjera lekser?
  • Meld frå til kontaktlærar dagen etter.
Er Showbie ei sikker skyteneste?
  • Showbie er ei skuleteneste som er sikker og reklamefri, og Sauda kommune vurderer denne som eit godt og trygt læremiddel for elevar og tilsette i saudaskulen.
  • Det er gjennomført obligatoriske risikovurderingar, og inngått databehandlaravtalar med leverandøren. 
  • Databehandlaravtalen beskriv mellom anna at dataet til skulane er sikkert lagra og at alle data er eigde av Sauda kommune. Likeeins at data til brukarane til dømes ikkje blir analyserte og brukte til annonseformål. Sauda kommune vurderer databehandlaravtalen som god og har tillit til at den blir fulgt av leverandøren.
  • Det er viktig å påpeika at det er skulekontoar som blir elevane tilbodne, og ikkje forbrukarkontoar. Det er vesentlege skilnadar her i høve mellom anna handtering av personopplysningar.
Vil elevane sjå reklame i Showbie eller andre appar?
  • Nei, elevane vil ikkje sjå reklame.
  • Det gjeld også i Google-søk.
Er eleven ansvarleg for det som blir gjort med ein apple-kontor knytt til saudaskulen?
  • Ja. Den enkelte eleven (kontoeigar) er sjølv ansvarleg for det som blir gjort på kontoen sin.
  • Det som skjer på digitale arenaer må sjåast på som ei utviding av det som skjer i klasserommet, og dei dei ordinære ordensreglane for skulen må følgjast
Kven skal mitt barn, eller me som føresette, kontakta for år rapportere om misbruk eller bekymring ved bruk av Ipad?
  • Kontakt skulen, ved rektor.
Vil skulen fortsatt bruke bøker?
  • Ja, bøker er fortsatt eit av læremidla me skal bruka.
Skal elevane slutte å skriva for hand?
  • Nei, dei skal fortsatt skriva for hand, men også læra andre verktøy, eks. tastatur, tale til tekst og andre måtar å produsera tekst på.
Mitt barn treng lese- og skrivestøtteprogram
  • Sauda kommune har kjøpt lese- og skrivestøttetjenesten IntoWords til alle elevar i saudaskulen. Denne vil dekka dei aller fleste behov for hjelp innan lese- og skriveopplæringen.
  • Dersom det blir vurdert at enkelte elevar må ha ei meir omfattande programvare som er avhengig av Windows PC, følges tradisjonell ordning med innkjøp av PC gjennom hjelpemiddelsentralen.
  • Det blir vurdert kontinuerleg kva apper eller tenester som skal ligga i porteføljen alle skulane har tilgjengeleg
Andre spørsmål?
  • Kontakt skulen ved kontaktlærar eller rektor om du har andre spørsmål.