Skulebyte, nettverk og helseLytt til tekstenStopp avspilling Skulebyte, nettverk og helse Kva skjer når ein elev byter frå ein kommunal skule til ein annan kommunal skule i Sauda? Då tar eleven med seg sin Ipad til den nye skulen. Dersom eleven flyttar til ein annan kommune må Ipaden leverast tilbake. Kva skjer når ein elev sluttar i saudaskulen? Ipaden blir levert til skulen. Apple- kontoen blir umiddelbart deaktivert og innhaldet er tilgjengeleg i 20 dagar. All data vil deretter bli sletta Har skulane godt nok nettverk til å gjennomføra ein digital skulekvardag? Skulane har oppgraderte nettverk med nyaste tilgjengelege trådlaus teknologi. Nettverka til skulane er kalibrerte så godt som mogleg innanfor det som er tilgjengeleg i dag Treng me å kopla Ipad til nettverk heime? Ja, sjølv om mykje av funksjonaliteten kan brukast utan nett bør Ipad vera på internett for det arbeidet som skal gjerast heime. Viss du ikkje har tilgang på internett heime ber vi deg om å ta kontakt med skulen din for å finna løysingar Er elevane si helse ivaretatt? Elevane treng fysisk aktivitet, både heime og på skulen. Elevane skal ikkje bruka Ipad heile tida dei er på skulen, men også vera i rørsle på ulike måtar. Generell tilråding for god arbeidsstilling for elevane: Fotstøtte - føtene plassert på fotbrett eller i golv Lårstøtte - ¾ av låret kviler på stolsete Underarmstøtte - heile underarmen kviler på borda Ipad skal vera plassert godt inn på bordet / pulten. Bruk alle moglegheiter for vinkeljustering Avstand frå auge til skjerm bør vera 50–80 cm Husk: Aktive pausar gjennom timen Individuelle tilpasninger Justeringsmuligheter på pult og stol Vinkelplate/ringperm; endre vinkel på skjerm Eg er uroa for skjermtid og fysiske plager Skulen er observant i forhold til dette. Elevane skal ha varierte arbeidsformer og bruka eit breitt utval av læremiddel på lik linje med Ipad. Publisert avMålfrid Selvik Årthun Publisert19.03.2021 19.15