Foreldresamarbeid

Opplæring i grunnskulen er eit samarbeidsprosjekt mellom elev – lærarar/andre tilsette og føresette.

Eit godt samarbeid mellom heim – skule viser seg ofte å ha  positiv effekt på skulemiljøet til elevane. Og eit godt skulemiljø legg godt grunnlag for læring.

Lova seier: «Opplæringa i skulen skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.»

Eit godt samarbeid mellom føresette i klassen er også viktig. Det kan best bli forklart på denne måten:  
«Når mitt barn har det bra - har ditt barn det bra. Når ditt barn har det bra – har mitt barn det bra.» (Ukjent)
 

Foreldresamarbeid

Dette kan føresette forventa av skulen
  • Føresette kan forventa at skulen ser dei alle som ein ressurs for eige barn/ungdom.
  • Føresette kan forventa å få informasjon om endringar i fysisk og/eller psykososialt læringsmiljøet til barn/unge. Foreldre vil ikkje få informasjon på detaljnivå, men kan få informasjon om kva som blir jobba med i klassen. 
  • Føresette kan forventa at skulane i Sauda har mest tilnærma lik praksis på nokre område, men at det blir gjort ulikt på andre område. Ein kan forventa tilnærma lik praksis på område der ein ser god nytteverdi.
  • Føresette kan forventa at innspel blir tatt i mot på ein konstruktiv måte, og at det blir gitt ei tilbakemelding.
  • Føresette kan forventa at skulen opptrer som den profesjonelle part i saker der skule og føresette har ulike perspektiv.
Dette forventer skulen av føresette
  • Skulen forventar at føresette tar kontakt om det er viktig informasjon om endringar i barn/ungdom sitt liv, som kan ha innverknad på skulekvardagen.
  • Skulen forventar at føresette gjer så godt dei kan for å hjelpa eigne barn/unge i læringsarbeidet, og at dei tar kontakt om det er noko som er vanskeleg.
  • Skulen forventar at føresette møter opp til foreldremøte, foreldresamtalar, trivselstiltak eller andre tiltak. Eller gir tilbakemelding om dei av ulike grunnar ikkje kan møta.
     
Foreldremøter
  • Alle skulane i Sauda har minst eit foreldremøte per år. Foreldremøte utover dette blir vurdert ut frå behov i kvar klasse. Føresette og elevar kan melda inn behov, det same kan lærar.
  • I foreldremøte gir kontaktlærar informasjon om skulemiljøet i klassen og elles, i tillegg til informasjon om læringsarbeidet.
  • I foreldremøtet er det rom for å stille spørsmål og få svar.
  • Den siste del av foreldremøtet har klassekontaktane ansvar for møtet. Kontaktlærar forlet møtet, men er tilgjengelig ved behov. I denne delen av møtet kan føresette ta opp det dei ønskjer å drøfta med andre føresette. Det kan vera praksis ved leggetid, innetid, skjermtid, eller anna som er meir skulerelatert. Blir det drøfta saker det er venta at skulen skal gjera noko med, blir informasjon gitt til kontaktlærar i etterkant. Eventuelt til rektor.
  • Foreldra vel sjølv om det blir skrive referat frå foreldremøtet. Klassekontakt avtalar med ein representant i forkant, om det skal bli skrive referat. 
     
Foreldresamtalar/utviklingssamtalar
  • To gonger årleg blir elev og føresette invitert til utviklingssamtale.
  • I utviklingssamtalen har elev, føresette og lærar ein dialog (to-vegs-kommunikasjon) om eleven si personlege, sosiale og faglege utvikling.
  • Utviklingssamtalen skal vera meistringsorientert, med fokus på elevens eigen progresjon. Samanlikning med andre skal ikkje vera vektlagt.
  • Det skal vera rom for at elev og føresette kan stille spørsmål til lærar i samtalen.
  • Elev, føresette og lærar blir samde om eit utviklingsområde eleven kan ha fokus på i det vidare arbeid, og  drøftar kva alle partar – elev – føresette og lærar – kan bidra med for å få til ønska utvikling.