Kvalitetsutvikling

Politisk (kommunestyret) og administrativ (rådmann) skuleeigar har eit felles ansvar for god kvalitet i saudaskulen.

Saudaskulen jobbar kontinuerleg med å gi elevane eit godt tilbod. Det viktigaste arbeidet skjer på kvar skule, der kollegiet reflekterer over felles verdiar og vurderer og vidareutviklar sin praksis.

Alle skulane har utviklingsmøte som samlar kollegiet kvar veke. Det er elles tett kontakt mellom administrativ skuleeigar, leiarar og tillitsvalte.

Utover dette har Sauda kommune følgjande system for kvalitetsutvikling i saudaskulane:

Kvalitetsutvikling

Informasjonsgrunnlag

Sauda kommune gjennomfører følgjande kartleggingar, prøvar og brukarundersøkingar og brukar desse som del av informasjonsgrunnlaget for å vurdera kvaliteten på opplæringstilbodet:

  • Den nasjonale elevundersøkinga gjennomføres for 7.klasse og 8. - 10.klasse, årleg.
  • Foreldreundersøking, 2.kvart år. Partalsår.
  • Lærarundersøkinga 2.kvart år. Partalsår.
  • Nasjonal kartleggingsprøve i lesing for 1., 2. og 3.trinn.
  • Nasjonal kartleggingsprøve i rekning for 1., 2. og 3.trinn.
  • Nasjonal kartleggingsprøve i engelsk for 3.trinn.
  • Nasjonal kartleggingsprøve i digital dugleik for 4.trinn.
  • Nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk for 5. og 8.trinn.
  • Nasjonale prøvar i lesing og rekning for 9. trinn.
  • Eksamen for 10.trinn.

Resultata blir brukt i eige forbetringsarbeid.

Meir informasjon om prøvane finn du på Udir sine sider.  

Her finn du også informasjon om brukarundersøkingane.

 

 

Oppfølging av resultat

Sauda kommune har ei felles rutine for oppfølging av ulike resultat i saudaskulen. Rutina omfattar kartleggingsprøvar, nasjonale prøvar, eksamen, ulike brukarundersøkingar som elevundersøkinga, foreldreundersøkinga, lærarundersøkinga m.m. 

Sentrale spørsmål i oppfølging av resultat er felles refleksjon rundt desse spørsmåla:

  • Speglar resultatet oppfatningane ein har?
  • Kva meistrar gruppa/klassen godt? Kva ser ut til å vera eit område gruppa/klassen treng meir eller annleis opplæring?        
  • Kva kan vera oppretthaldande faktorar til resultatet? 
  • Kva tiltak kan bli sett inn som kan føre til betra resultat?

Elevar og føresette skal bli involvert i arbeidet med oppfølging av resultat.

  • Elevar blir involvert gjennom elevrådet.
  • Føresette gjennom FAU, SMU og SU.

Resultatat skal bli lagt fram slik at det gis rom for drøfting.

Politiske skuleeigar blir årleg involvert og informert gjennom framlegging og drøfting av tilstandsrapport.

 

Strukturert arbeid med utfordringar

Sauda kommunar nyttar pedagogisk analyse  som ein metode for å jobba strukturert med å løysa utfordringar knytt til opplæringstilbodet.

Pedagogisk analyse hjelper oss til å ha eit fokus på faktorar som opprettheld ei utfordring, og kva me kan gjera for å redusera og/eller fjerna desse. Dei oppretthaldande faktorane finn me i miljøet, ikkje i individet sjølv. 

Pedagogisk analyse inngår som del av Sauda kommune sitt BTI-arbeid. BTI står for betre tverrfagleg innsats.

Handlingsrettleiar for betre tverrfagleg innsats (BTI) er barnehage, skule og helse sin arbeidsmodell for korleis me steg for steg går fram for å løysa utfordringar på ulike nivå.

Kompetanseutvikling

Sauda kommune samarbeidar med kommunane på Haugalandet og høgskulen Vestlandet (HVL) i ein modell for desentralisert kompetanseutvikling. (DeKomp)

Modellen legg vekt på lokal kompetanseutvikling, med interkommunale nettverk på leiarnivå for refleksjon over felles verdiar, vurdering og vidareutvikling av praksis. 

I Sauda kommune blir det oppretta kommunale nettverk mellom skular både på fagnivå og klassenivå, som del av kompetanseutviklinga. Det blir også oppretta interkommunalt nettverk mellom ungdomsskulane i Sauda og Suldal kommune.

Kompetanse for kvalitet er ein nasjonal strategi for vidareutdanning av lærarar. Sauda prioriterer utdanning innan basisfaga norsk, matematikk og engelsk, slik at me innfrir nasjonale lovkrav om kompetanse gjeldande frå 2025.

I tillegg vil kompetanse innan programmering bli prioritert i åra framover.

 

 

 

Skulebasert vurdering

Skulebasert vurdering er skulane sitt eige forbetringsarbeid. Lova krev at «skulen skal jamleg vurdere i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevane skal involverast i denne vurderinga. Skuleeigaren har ansvar for å sjå til at vurderinga blir gjennomført etter føresetnadene.»

Årleg skal skulane bruka eigne observasjonar, læringsresultat og/eller resultat frå brukarundersøkingar til å velgja ut eit område dei ønskjer å bli betre på. Elevane og tilsette skal vera involvert i å velgja ut forbetringsområde. Føresette bør også blir involvert.

I samarbeid med elevane skal dei tilsette bli samde om kva tiltak dei skal prøva ut for å betra praksis på valt område, og jobba systematisk med dette gjennom skuleåret.

Eit forbetringsarbeid kan også gå over ein kortare eller lengre periode enn eit skuleår.
Det blir skrive rapport frå arbeidet. Denne blir offentleg tilgjengeleg.
 

Skuleeigars oppfølging av skulane

Skuleeigar har eit ansvar for å sikra at saudaskulane følgjer lovkrav, og gir alle elevar ei inkluderande, trygg og god opplæring. Skuleeigar gjennomfører følgjande tiltak for å sikra elevane sin rett:


Rektormøte: 

Skuleeigar har samarbeidsmøte med alle rektorane og tillitsvalte jamnleg.

  • Kvar 14.dag: Digitalt møte for å dela informasjon og drøfta aktuelle saker.
  • Månadleg: Halvdagsmøte med refleksjon over felles verdiar, samt vurdering og vidareutvikling av saudaskulane sin kollektive praksis. Det ligg føre ein rotasjonsplan for tema, slik at det blir ei årlig drøfting og utvikling av praksis på sentrale område. 

Ekstern vurdering:  Innføres 2020/21.

  • Ekstern vurdering er ein metode for vurdering av kvalitet i skulane.
  • Skuleeigar gjennomfører ekstern vurdering av eigne skular, etter modell frå Udir.
  • Skulane får ekstern vurdering minst ein gong kvart 4. år, elles om skuleeigar eller skuleleiing vurderer det som eit behov.
  • Rektorar deltek i ekstern vurdering av andre skular, med føremål om å læra av kvarandre.
  • Sauda har også eit samarbeid med Suldal kommune på dette området, for å kunne læra på tvers av kommunegrenser.
  • Elevar, føresette og tilsette blir involvert i ekstern vurdering.
  • Det blir laga ein rapport der det kjem fram kva som er vurdert som skulen sine sterke sider, og kva som er vurdert som område skulen kan forbetra.
  • Rapporten blir offentleg tilgjengeleg.
     
Tilstandsrapport
  • Det er eit lovkrav at politisk skuleeigar (kommunestyret) årleg skal få ein tilstandsrapport om grunnskulen.
  • I Sauda kommune har me valt å leggja fram ein felles tilstandsrapport for barnehage og skule.
  • Tilstandsrapporten vil byggja på det arbeidet som er gjort med skulebasert vurdering og ekstern vurdering.
  • Det er eit lovkrav at tilstandsrapporten skal bli drøfta av kommunestyret.
  • Dette skal gi skuleeigar eit best mogleg beslutningsgrunnlag, slik at dei kan ta gode avgjerder når det gjeld utvikling av kvalitet i skulen.