LæringsarbeidLytt til tekstenStopp avspillingPå skoleporten.no finn du dei nasjonale læringsresultat for saudaskulen. Læringsarbeid Sentralt i ny læreplan - LK20 Frå og med skuleåret 2020-21 har skulane fått ny læreplan. For 10.klasse gjeld ny læreplan frå 2021-22. Sentralt i ny læreplan er: Elevane skal få vera meir aktive i eigen læringsprosess. Dette inneber ei meir aktiv rolle i kva dei skal læra, korleis dei skal læra det og å vurdera eige arbeid. Meir leik og utforsking for dei yngste elevane. Meir tid til å læra det viktige. Ny læreplan har færre kompetansemål. Tre tverrfaglege tema som skal gi heilskap og samanheng mellom faga: Folkehelse og livsmeistring Demokrati og medborgarskap Berekraftig utvikling Fleire fag er meir praktiske. Meir av teknologi og programmering. Kritisk tenkning og kjeldekritikk. Frå 01.08.20 er også vurderingsforskrifta endra. Viktige endringar: Vurderinga skal fremja lærelyst. Føremålet med vurdering i orden og åtferd er å fremja sosial læring. Elevane skal få visa kompetansen sin på fleire og varierte måtar. Undervegsvurderinga skal vera ein integrert del av opplæringa. Det betyr færre konstruerte vurderingssituasjonar (testar, prøvar) og fleire oppdrag der eleven sin kompetanse kjem fram som del av arbeidsprosessen. Satsingsområde Aktiv læring ved bruk av Ipad som læringsverktøy. Les meir om satsinga her. (PDF, 3 MB) Betre tverrfagleg innsats, BTI. Les meir om korleis me jobbar ved uro for barn og unge. Innføring av LK20. Saudaskulane vil bruka skuleåret til å bli kjend med ny læreplan og justera undervisning etter denne litt etter litt. Me jobbar etter mottoet «litt betre kvar dag.» Vurdering for læring All undervegsvurdering er del av elevens læreprosess, og skal byggja på desse prinsipp: Elevane skal få delta i vurdering av eige arbeid og reflektera over eiga læring og faglege utvikling. Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir venta av dei. Elevane skal få vite kva dei meistrar. Elevane skal få rettleiing om korleis dei kan arbeida vidare for å auka kompetansen sin. Saudaskulen brukar resultat frå obligatoriske kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar for å sjå korleis me kan kan gi elevane eit endå betre utbyte av opplæringa. Prøvar og kartleggingar utover dette blir avgjort av kvar skule/lærar. Om lærar ser det er til nytte for eleven si læring med meir kartlegging og prøvar, kan dette bli gjennomført. Oppfølging av læringsresultat Lærarane brukar først og fremst kartleggingsresultat som informasjon for korleis dei kan justera undervisninga. Målet er ei fellesskapande undervisning som gir alle elevar eit godt læringsutbyte. Eit prøveresultat åleine gir ikkje grunnlag for å vera uroleg for elevens faglege utvikling. Alle elevar meistrar ulikt. Det mest sentrale er at alle elevar får oppleva god fagleg utvikling ut frå sin ståstad. Om lærar har ei uro for elevens faglege utvikling skal lærar først snakka med eleven om dette, og deretter ha dialog med føresette. Om elev, føresette og lærar er samde om dette, kan det bli oppretta ein tiltaksplan. Lærarane følgjer handlingsrettleiar BTI om dei har uro for elevens faglege utvikling. Her kan du også lesa om Stafettloggen, som er tiltaksplanen til Sauda kommune. Føresette kan også ta kontakt ved uro for elevens faglege utvikling. Be om samtale med lærar via Visma Flyt Skole. (Her skal ikkje personsensitiv informasjon bli skrive.) Sjekk også gjerne BTI-sida, voksen Dokumentasjon av læringsresultat Elevane sitt læringsarbeid blir dokumentert i Visma Flyt Skole. Føresette loggar seg inn med Bank ID og kan lesa informasjon om eige barn/ungdom. Publisert avSolfrid Løvbrekke Handeland Publisert20.08.2020 09.15