SaudaskulaneLytt til tekstenStopp avspillingSauda kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Det samla elevtalet er rundt 600. Det er vårt overordna mål at alle elevar skal oppleva å få ei inkluderande, trygg og god opplæring. Desse haldningar og handlingar skal kjenneteikna våre skular: Saudaskulane Inkluderandre opplæring I våre skular har me eit styrkjefokus, der ulik personlegdom og temperement blir handsama likeverdig. Alle barn og unge kan læra i fellesskap med andre. Alle barn og unge skal få kjenna seg «god nok» personleg, sosialt og fagleg. Alle elevar skal få det meste av opplæringstilbodet sitt saman med andre elevar. Elevar som utfordrar skal bli møtt på ein måte som aukar deira kjensle av tryggleik. Trygg opplæring Alle barn og unge skal ha eit godt oppvekst- og læringsmiljø i skulen og på skuleveg. Dette gjeld både fysisk og psykososialt miljø. Me har 0 toleranse for mobbing og vald. God opplæring Elevane skal oppleva opplæringa som relevant. Elevane skal ha ei aktiv rolle i eige læringsarbeid, frå planlegging til gjennomføring og vurdering. Elevane skal få utvikla sine evner, interesser og talent gjennom opplæringa. Opplæringa skal fremja skaparkraft og kreativitet. Alle elevar skal bli møtt med ambisiøse, men realistiske forventningar. I opplæringa har me eit meistringsfokus, der elevens eiga utvikling er det viktige. Les meir om kvar skule Austarheim skule Fløgstad skule Risvoll skule Sauda Ungdomsskule Publisert avSolfrid Løvbrekke Handeland Publisert20.08.2020 08.19