Ferie SFOLytt til tekstenStopp avspillingSaudaskulen tilbyr SFO-ordning i haust- og vinterferie, samt deler av sommarferien.Dette er eit tilbod utover det ordinære SFO-tilbodet. I skulane sin haust-, vinter- og deler av sommarferien, kan føresette til barn i 1. - 4.klasse melda på barna til ferie-SFO. Tilbodet gjeld både dei som har ordinær SFO-plass, og dei som ikkje har SFO-plass til vanleg. Det kan også vera eldre barn som har rett til eit utvida tilbod. Skulen vil ha dialog med aktuelle føresette om dette.Det må vera minst 6 barn påmeldt per dag, totalt frå skulane, for at me skal organisera eit tilbod. Tilbodet blir samlokalisert ved ein eller fleire av barneskulane, alt etter tal barn som er meldt på. Tilbodet kan også bli lokalisert ved ulike skular, ulike dagar.Føresette kan velgja opphald 3 - 4 eller 5 dagar per veke i ferie-SFO. Det blir gitt søskenmoderasjon. For 2021 har kommunestyret vedteke desse prisane for ferie-SFO: Prisar ferie-SFO 2021 Ferie-SFO 4 veker 3 veker 2 veker 1 veke Fullt opphald Kr 3100 Kr 2320 Kr 1550 Kr 780 4 dagars opphald Kr 2850 Kr 2140 Kr 1430 Kr 720 3 dagars opphald Kr 2600 Kr 1950 Kr 1300 Kr 650 Det blir sendt e-post til alle føresette i 1. - 4.klasse 2 - 3 veker i forkant av den aktuelle skuleferie.I e-posten får de link til søknadsskjema. Publisert avSolfrid Løvbrekke Handeland Publisert07.09.2020 08.24