Fløgstad skule

Fløgstad skule er ein av tre barneskular i Sauda med 144 elevar og 24 tilsette. Skulen ligg sentralt plassert og nabo til Sauda vidaregåande skule. Skulebygget er frå 1926 og 1936, blei renovert i 2008/ 2009 og framstår i dag flott og moderne. 

Visjon
 

Gi elevane gode læringsopplevingar med meistring og meining.

Satsingsområde

  • Bruke IKT som læringsverkty
  • Lære koding/ programmering
  • Førebuing til ny læreplan: Få fordjupning og tverrfaglig læring

Fløgstad skule nyttar nærområda i undervisninga, slik som blant anna Lillebekk, Tangen, Sauda stadion, Andedammen, bibliotek, symjehallen og kulturhus.

SFO


Skulefritidsordning er for elevar frå 1.- 4. klasse og skal vera med å gi elevane ein god oppvekstarena. SFO har ope kvar dag etter skuletid og fram til klokka 15.30. Det er eige SFO- rom på skulen i tillegg til at dei nyttar spesialrom og skulen sine nærområde. 

Brynjar Saua
Einingsleiar
E-post
Mobil 414 27 528
Sekretær Fløgstad skule
Telefon 52 78 56 20
SFO Fløgstad skule
Mobil 952 38 209

Åpningstider

1. og 2. klasse:  08.15 - 13.00
3. og 4. klasse: 08.15 - 13.00, torsdag til kl 14.00
5. og 6. klasse: 08.15 - 13.00 (tirsdag og torsdag til kl 14.00)
7. klasse: 08.15 - 1300, men mandag, tirsdag og torsdag til kl 14.00

Adresse

Kongsveien 48

Kart