Risvoll skule

Risvoll skule - ein skiskule - Klikk for stort bilde Risvoll skule finn du i vakre omgivnadar flott plassert mellom vatn, strand, fjord og fjell i Saudasjøen, ca 3 km frå Sauda-sentrum. Skuleåret 2018/2019 har me 99 elevar og 18 tilsette.
Risvoll skule er ein samfunnsaktiv skule som fremjar læring og omsorg gjennom samarbeid og medansvar. 

Målform

  • Nynorsk/Bokmål

Visjon og motto

  • Skulen sin visjon: Kunnskap gir trivsel
  • Skulen sitt arbeidsmotto. Sky is the limit 
     

Vårt tilbod til elevar og føresette
 

Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å meistre liva sine og kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Me tilpassar opplæringa slik at alle kjenner glede over meistring og framgang.  Me gjev dei høve til å møta situasjonar som krev val og engasjement samt å hevda eigne meiningar. På Risvoll har me eit høgt læringstrykk . Risvoll skule nyttar utdanningsteknologi som IPad, Smart Board og pc i undervisninga.  

Fysisk aktivitet er sentralt i læringsarbeidet  og skulen har særleg fokus på læring i friluft. Risvoll har skiskule kvar vinter der me trenar på alle ski aktivitetar. Skulen har eigen ski stall om nokon treng å låne utstyr.   Skulen har fått auka interesse  for plast og søppel og vil arbeide meir med problemstillingar knytt til berekraftig utvikling. 
 

Verdiplattform og læringssyn til Risvoll skule
 

På Risvoll skule tek me vare på kvarandre i fellesskap. Målet er at alle skal sjåast til ei kvar tid slik at ein kjenner trygging og trivnad. Godt samarbeid med heimen  er noko som blir sett på som ein avgjerande faktor for læring og trivnad. 
 

Bli med på Risvoll SFO


Risvoll skule har ein spennande SFO med tilsette som kvar dag lagar økter fulle av aktivitet, leik, omsorg og latter.  Risvoll SFO er kjent for å strekke seg langt for å gi ditt born eit tilbod etter skuletid med «noko ekstra». Her er det m.a. valfrie parallelle aktivitetar kvar dag, mat og  turarar samt mykje kjekt utstyr for alle elevar mellom 1.- 4. klasse. Opningstida strekker seg frå skuledagen sluttar og fram til kl. 15.30. Skulen tilbyr også morgon SFO om det er fleire en 6 påmeldte. Søknadsfrist framfor nytt skuleår er  i utganspunktet 1. mars men me tar alltid imot nye born .  

Logg inn til Visma for å søkje plass. Same lenke for oppseiing av SFO plass. 

Jannicke Hillestad Hatlen
Rektor
E-post
Telefon 52 78 63 21
Mobil 912 43 268
Sekretær Risvoll skule
Telefon 52 78 63 20
SFO Risvoll skule
Mobil 907 56 542

Åpningstider

08.15 - 15.30

Adresse

Saudavegen 279, 4208 Saudasjøen

Kart