Brukarmedverknad

Brukarmedverknad

Elevråd

Ved kvar grunnskule skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skulen har teke til om hausten.
Eit medlem av undervisningspersonalet ved skulen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.
Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.
Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for å skape godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.
 

Klassekontaktar

Foreldregruppa i kvar klasse vel to klassekontaktar.

Den eine klassekontakten representerer klassen i FAU.
Den andre klassekontakten er sosialkontakt, og har ansvar for å ta initiativ til, delegera og/eller koordinera to enkle trivselstiltak for klassen årleg, eit om hausten og eit om våren. Gjerne trivselstiltak der alle føresette og elevar er saman.

Trivselstiltaka skal vera for alle, kostnad skal ikkje vera til hinder for deltaking.
 

Foreldreråd - FAU

På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. (FAU)  Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Skulehelsemiljøutval (SMU)

Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.


Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.


Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.


Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.
 

Samarbeidsutval (SU)

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.


Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.


Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skulen etter kommuneloven § 5-10 og § 10-8. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skulen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunalt foreldreutval for barnehage og grunnskule

Sauda kommune har eit kommunalt foreldreutval med ein representant frå kvar barnehage og grunnskule. Til vanleg er det leiarar i FAU (skule) eller foreldrerepresentant i SU (barnehage) som deltek i forumet.

Føremålet til utvalet er å fremja fellesinteresser til føresette i Sauda kommune, og å byggja ein kollektiv foreldrekultur.

Utvalet er ein viktig bidragsytar for kvalitetsutvikling i barnehage og grunnskule.

Pedagogisk rettleiar koordinerer utvalet sitt arbeid.

I dagligtale forkortar me namnet til KFU-O, kommunalt foreldreutval for oppvekst.