Digital skule

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Digital skule

Elevane i saudaskulen har tilgang til ei personleg digital eining (Ipad) og digitale læremidler. Føremålet med dette er å utrusta elevane med den digitale kompetanse som krevst i yrkeslivet og samfunnet generelt.

Skulekvardagen handlar om å gi elevane moglegheit til å læra gjennom å utforska, skapa, reflektera, samarbeida og vera kritiske. Digitale verktøy opnar for nye måtar å realisera dette på. Det inneber òg å utvikla digital dømmekraft og forståing for rolla teknologi har i samfunnet. Vidare er digitale evner ein viktig føresetnad ikkje berre for læring, men også for aktiv deltaking i eit arbeidsliv og samfunnsliv i stadig endring.

IKT skal vera eit strategisk verkemiddel for å få ei betre tilpassa opplæring for elevane i saudaskulen. Hovudmålsetjinga er at saudaskulen har ein jamn og kvardagsleg bruk av digitale verktøy som fremjar læringa til elevane.