Digitalt skulearbeid heime

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Digitalt skulearbeid heime

Føresette er viktige samarbeidspartnarar for sine barn og unge. Det å halda seg oppdatert på kva som skjer i og rundt skulen er av stor tyding for utviklinga til barna.

For å kunna følgja med på skulearbeidet til elevane må føresette jamleg sitja saman med barn og unge når dei er logga inn i læringsverktøy på sin Ipad. Oppgåver og gjeremål finn elevane på Showbie.

Føresettes kommunikasjon med skulen
Som føresett vil du i Visma Skole-appen til mobil kunne melda fråvær, få og senda meldingar om barn og unge. Skulen informerer òg føresette via Visma Skole. Merk at personsensitiv informasjon ikkje skal skrivast inn her. Har de behov for å kommunisera om dette, kan de senda ei melding og be kontaktlærar ta kontakt via telefon.

Tryggleik og brukervennlighet
Visma Skole har eit høgt tryggleiksnivå og kombinerer tryggleik med å vera brukarvennleg og tilgjengeleg. Løysinga har tofaktor autentisering for alle brukarar, også dei som nyttar FEIDE, og er synkronisert med alle skole-administrative løysingar, i tillegg til integrasjon med ID-porten og FEIDE.