Læringsarbeid

Læringsarbeid

Målet med opplæringa er å gi kvar elev ei personleg, sosial og fagleg utvikling, ein vekst ut frå sin eigen ståstad.  Mykje av det elevane lærar i skulen kan vanskeleg bli målt i testar og prøvar. 

Men, nokre teljebare resultat finnes. Analysebrettet gir deg oversikt over nokre av desse.

Nasjonale prøvar 5.trinn

Nasjonale prøvar 8.trinn

Sentralt i læreplanen - LK20

Sentralt i læreplanen LK20 er: 

  • Elevane skal få vera meir aktive i eigen læringsprosess. Dette inneber ei meir aktiv rolle i kva dei skal læra, korleis dei skal læra det og å vurdera eige arbeid.
  • Meir leik og utforsking for dei yngste elevane.
  • Meir tid til å læra det viktige. Færre kompetansemål enn tidlegare læreplanar.
  • Tre tverrfaglege tema som skal gi heilskap og samanheng mellom faga:
    • Folkehelse og livsmeistring
    • Demokrati og medborgarskap
    • Berekraftig utvikling
  • Fleire fag er meir praktiske.
  • Meir av teknologi og programmering.
  • Kritisk tenkning og kjeldekritikk.

Frå 01.08.20 er også vurderingsforskrifta endra.

Viktige endringar:

  • All vurdering skal fremja lærelyst.
  • Føremålet med vurdering i orden og åtferd er å fremja sosial læring.
  • Elevane skal få visa kompetansen sin på fleire og varierte måtar.
  • Undervegsvurderinga skal vera ein integrert del av opplæringa. Det betyr færre konstruerte vurderingssituasjonar (testar, prøvar) og fleire oppdrag der eleven sin kompetanse kjem fram som del av arbeidsprosessen. 
Innsatsområde for utvikling av kvalitet
  • Skulebasert kompetanseutvikling, ein kompetansemodell for kontinuerleg forbetring: Skulen analyserer eigne resultat og jobbar med forbetringar ut frå funn i partnarskap med høgskulen Vestlandet. Elevmedverknad er sentralt i arbeidet.
  • Implementering av nasjonale ordningar og reformer som alle handlar om å byggje eit godt lag rundt barn og unge: 
    • Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
    • Oppvekstreforma, laget rundt barnet
    • Betre tidleg og tverrfagleg innsats, BTI. 
Vurdering for læring

 

  • All undervegsvurdering er del av elevens læreprosess, og skal byggja på desse prinsipp:
    • Elevane skal få delta i vurdering av eige arbeid og reflektera over eiga læring og faglege utvikling.
    • Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir venta av dei.
    • Elevane skal få vite kva dei meistrar.
    • Elevane skal få rettleiing om korleis dei kan arbeida vidare for å auka kompetansen sin.
  • Saudaskulen brukar resultat frå obligatoriske kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar for å sjå korleis me kan kan gi elevane eit endå betre utbyte av opplæringa.
  • Prøvar og kartleggingar utover dette blir avgjort av kvar skule/lærar. Om lærar ser det er til nytte for eleven si læring med meir kartlegging og prøvar, kan dette bli gjennomført.
Oppfølging av læringsresultat

 

  • Lærarane brukar først og fremst kartleggingsresultat som informasjon for korleis dei kan justera undervisninga. Målet er ei fellesskapsbyggjande undervisning som gir alle elevar eit godt læringsutbyte.
  • Eit prøveresultat åleine gir ikkje grunnlag for å vera uroleg for elevens faglege utvikling. Alle elevar meistrar ulikt. Det mest sentrale er at alle elevar får oppleva god fagleg utvikling ut frå sin ståstad.
  • Om lærar har ei uro for elevens faglege utvikling skal lærar først snakka med eleven om dette, og deretter ha dialog med føresette. Om elev, føresette og lærar er samde om dette, kan det bli oppretta ein tiltaksplan. 
  • Lærarane følgjer handlingsrettleiar BTI om dei har uro for elevens utvikling. 
  • Føresette kan også ta kontakt ved uro for elevens utvikling. Be om samtale med lærar via Visma Flyt Skole. (NB! Her skal ikkje personsensitiv informasjon bli skrive.)
  • Sjekk også gjerne BTI-sida, voksen
Dokumentasjon av læringsutvikling