Saudaskulane

Saudaskulane

Sauda kommune har tre barneskular og ein ungdomsskule. Det samla elevtalet er i underkant av 600 elevar.

Det er vårt overordna mål at alle elevar skal oppleva å få ei inkluderande, trygg og god opplæring. Desse haldningar og handlingar skal kjenneteikna våre skular:

Inkluderandre opplæring
  • I våre skular har me eit styrkjefokus, der ulik personlegdom og temparement blir handsama likeverdig. 
  • Alle barn og unge kan læra i fellesskap med andre.
  • Alle barn og unge skal få kjenna seg «god nok» personleg, sosialt og fagleg.
  • Alle elevar skal få det meste av opplæringstilbodet sitt saman med andre elevar.
  • Elevar som utfordrar skal bli møtt på ein måte som aukar deira kjensle av tryggleik.
     
Trygg opplæring
  • Alle barn og unge skal ha eit godt oppvekst- og læringsmiljø i skulen og på skuleveg. Dette gjeld både fysisk og psykososialt miljø.
  • Me har 0 toleranse for mobbing og vald.
     
God opplæring
  • Elevane skal oppleva opplæringa som relevant.
  • Elevane skal ha ei aktiv rolle i eige læringsarbeid, frå planlegging til gjennomføring og vurdering.
  • Elevane skal få utvikla sine evner, interesser og talent gjennom opplæringa.
  • Opplæringa skal fremja skaparkraft og kreativitet.
  • Alle elevar skal bli møtt med ambisiøse, men realistiske forventningar. 
  • I opplæringa har me eit meistringsfokus, der elevens eiga utvikling er det viktige. 
Kontaktinformasjon skole

Kommunalsjef oppvekst

Målfrid Selvik Årthun - mobil - epost

Jannicke Hillestad Hatlen - mobil - epost

Les meir om kvar skule

 

Austarheim skule

Fløgstad skule

Risvoll skule

Sauda Ungdomsskule