Foreldrebetaling

Foreldrebetaling

Det er friplass (gratis) i SFO 12 timar i veka for barn i 1. og 2. klasse (2023-24). Ein kan betale for opphaldstid utover denne tida.

Mange opplever at SFO har ein høg kostnad, samanlikna med barnehage. Barnehageplass har ein nasjonal makspris, noko det ikkje er for SFO. Ulike driftsmodellar/SFO-strukturar i kommunane gir derfor ulike prisar. 

Likevel skal ingen familiar bruka meir enn 6 % av inntekta si på ein SFO-plass, jmfr. § 1B-1 Reduksjon i foreldrebetalinga for elevar på 1. - 4.årstrinn.

For å halda foreldrebetaling for SFO så låg som mogleg, må me ha både god og effektiv drift. Av den grunn vil personalet ha tett og god dialog med føresette om behov for opphaldstid i feriar og fridagar, og tilpasse opningstid etter desse behov.

Betalingssatsar SFO, Sauda kommune

Gjeldande ut skuleåret 2023/24;

  • Årskostnad for 100 % SFO-plass morgon og ettermiddag er 34.100 kr. Denne årsprisen dekker frå 2023-24 opphaldstid i tidsrommet mellom klokka 08 - 15.30 i feriar og fridagar. 
  • Årskostnad for 100 % SFO-plass ettermiddag er 28.600 kr. Denne årsprisen dekker opphaldstid i tidsrommet mellom klokka 08 - 15.30 i feriar og fridagar.
  • Årsprisen blir fordelt på lik månadleg betaling i 11 månadar. 
  • Ein søkjer same størrelse på plass morgon og ettermiddag, eks. 80 % morgon + 80 % ettermidag. Opphaldstid morgon og ettermidag vil også vera same dagar.
Prisar SFO per månad frå 01.04.22
Tidspunkt Antall dagar Månadspris, inkl. ferieordning
Ettermiddag 100 % plass 5 dagar Kr 2600
100% morgon 5 dagar Kr 500
Morgon og ettermiddag, 100 % plass 5 dagar (same dagar) 3100 kr
Ettermiddag 80 % plass 4 dagar Kr 2080
80 % morgon 4 dagar Kr 400
Morgon og ettermiddag, 80 % plass 4 dagar (same dagar) Kr 2480
Ettermiddag 60 % plass 3 dagar Kr 1560
60% morgon 3 dagar Kr 300
Morgon og ettermiddag, 60 % plass 3 dagar (same dagar) Kr 1860

 

Søskenmoderasjon

 

  • Det blir gitt 30 % reduksjon for barn nr. 2 og 50 % reduksjon for barn nr. 3 og fleire barn.
  • For familiar som har barn både i barnehage og SFO gjeld tilsvarande moderasjonsordning både i barnehage og SFO. (På tvers av tenestene.)
  • Moderasjonen kjem frå 2023-24 til fråtrekk på SFO-betaling.

Søskenmoderasjon gjeld berre dei med fast plass. 

Rett til redusert foreldrebetaling
  • Barn med varig nedsett funksjonsnivå har i Sauda kommune rett til gratis opphald i SFO også frå 1. - 4.klasse. Det er PPT som gjennom sakkunnig vurdering vurderer funksjonsnivå. 
  • Ingen familiar skal bruka meir enn 6 % av familien si inntekt på ein SFO-plass.
    • Er familien si samla inntekt under 476.667 kroner, kan du søkja om redusert foreldrebetaling for SFO.  
      • Dette gjeld om ein søkjer heil plass.
    • Innslagspunkt for redusert foreldrebetaling blir justert etter kva tilbod ein nyttar seg av.
      • Ein kan få redusert betaling ved lågare årsinntekt enn nemnt over om ein søkjer redusert SFO-plass. (60 % eller 80 % plass.)
  • NB! Føresette må sjølv søkja om redusert betaling.
  • Desse kan søkja:
    • Om foreldrebetaling for ein SFO-plass/år utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien) det siste året, eller
    • det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet (familien) inneverande år, som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien.)
  • Søknadsskjema finn du her. 
  • For å få redusert betaling for heile SFO-året er søknadsfristen 1.august.
  • Blir det søkt etter 1.august gjeld vedtaket frå heile første månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
  • Betaling for kost kan koma i tillegg.

 

  • Viktig informasjon om søknaden:
Dokumentasjon som må følgja søknaden
  • For at søknaden skal kunne bli handsama, må du leggja ved naudsynt dokumentasjon på familiens si samla inntekt.
  • Det er familien si skattepliktige inntekt som blir lagt til grunn. Barnetrygd, barnebidrag, stønad til barnetilsyn, sosialstønad og studielån er døme på skattefrie ytelsar som ikkje blir rekna med i inntekstgrunnlaget. Skattepliktige ytelsar som arbeidsavklaringspengar, dagpengar og uføretrygd er døme på inntekter som blir rekna med. 
  • Dokumentasjonskrav:
    • Siste års skattemelding.
    • Dersom siste års skattemelding ikkje stemmer med dagens inntekt må dette bli dokumentert.
    • Inntektsgrunnlaget skal speila dei skattepliktige inntektene. Du er pliktig til å dokumentera skattepliktig person- og kapitalintekt som ikkje står i den førehandsutfylte skattemeldingen.
    • Dersom inntekta di er vesentleg endra sidan siste års skattemelding må du i tillegg til skattemelding leggja ved dokumentasjon på ny inntekt.
      • Døme på slik dokumentasjon:
        • Dei tre siste lønnsslippar frå arbeidsgjevar. Dei må vise endring i årsløn ut frå det som står i skattemelding.
        • Vedtak frå NAV.
        • Vedtak om gyldig opphaldstillatelse.
        • Studentbevis eller bekrefting av studiar.
  • Registrerer du søknad utan godkjent dokumentasjon, blir den ikkje handsama. Du vil då få informasjon om dette.
    • Du må registrere ny søknad og leggja ved gyldig dokumentasjon. Redusert foreldrebetaling gjeld frå første heile månad etter ny dato for ny søknad.
  • Ved varig nedgang i inntekt i løpet av vedtaksperioden, kan du sende ny søknad med dokumentasjon som viser endra inntekt.
Tidsavgrensa vedtak

Søknad om redusert foreldrebetaling gjeld for eit år. De må senda ny søknad for kvart SFO-år, med dokumentasjon for inntekt.

Startar søsken i SFO i vedtaksperioden, må de sende eigen søknad for dette barnet.

Sakshandsamingstid

Sakshandsaming er inntil tre - 3 - veker.

Klage på vedtak

Får du avslag på søknad om redusert foreldrebetaling, kan du klage innan tre - 3 - veker frå du har fått vedtaket. I klagen skal du oppgi kva du ønskjer å få endra og begrunna dette.

Klagen sender du til rektor ved skulen.

 

Kven kan søkja?

Den som søker om redusert foreldrebetaling må ha same folkeregisteradresse som barnet.

Kven er definert som familie/hushald?

Med eit hushald/familie meinar me ektefeller, registrerte partnarar og samboarar.  Bur barnet fast hos begge føresette, skal betalinga frå føresette vera rekna ut frå inntekt til den føresette som har same folkeregisteradresse som barnet.

 

Inntektsgrenser for redusert foreldrebetaling
Inntektsgrenser redusert betaling
Plass Månadspris for SFO frå 01.01.23 Redusert betaling kan bli gitt til hushald med samla inntekt under:
100 % plass morgon og ettermidag 3100 kr 568.333 kr
100 % plass ettermiddag 2600 kr 476.667 kr
80 % plass morgon og ettermiddag 2480 kr 454.667 kr
80 % plass ettermiddag 2080 kr 381.333 kr
60 % plass morgon og ettermiddag 1860 kr 341.000 kr
60 % plass ettermiddag 1560 kr 286.000 kr