SFO i skulen sine ferie- og fridagarLytt til tekstenStopp avspillingSFO er eit tilbod 11 månadar i året, frå 01.08 - 30.06*. SFO har stengt fire veker i juli*. I tillegg har SFO stengt jul- og nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag og fem planleggingsdagar i året. For barn som ikkje til vanleg har plass i SFO, kan det bli søkt om SFO-plass i skulen sine feriar og fridagar. Det er også høve til å søkja plass enkelt-dagar ved særlege behov. Sjå meir informasjon om dette under. * SFO har stengt dei fire heile veker i juli frå og med måndagen som ligg nærast 01.juli. Ferieordning og dagsplass i SFO Barn som har fast plass i SFO, har også plass i skulen sine feriar og fridagar. Unntak er jul- og nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag, samt fem av skulen sine planleggingsdagar. Gratis kjernetid i SFO for 1.klasse gjeld kun i skuleåret. Føresette til barn med gratis kjernetid kan kjøpa plass i skulen sine feriar/fridagar på dei dagane barna til vanleg har plass. Barn med gratis kjernetid har rett til plass i feriar/fridagar. Det blir sendt ut søknadsskjema for dette i forkant av feriar og fridagar. Barn som ikkje har fast plass i SFO, kan få plass i skulen sine feriar og fridagar. Føresette kan kjøpa opphald enkeltdagar, eller heile veker. Det blir tildelt plass ved ledig kapasitet. (Bemanning.) Det blir sendt ut søknadsskjema for dette i forkant av feriar og fridagar. Opningstid i feriane vil vera i tidsrommet frå klokka 07.00 til klokka 16.00. Opningstid blir tilpassa behov innanfor dette tidsrommet. I forkant av ferien ber skulen føresette om tilbakemelding på om og når (til/frå klokka) plassen blir nytta, for å kunne planleggja drifta/personalplanlegging. SFO i Sauda kommune blir som hovudregel samlokalisert i feriane. Foreldrebetaling i feriar Føresette som har fast plass for barna i SFO, har ferie inkludert i månadleg foreldrebetaling. For barn med gratis kjernetid (1.klasse) betalar føresette 150 kr pr dag for ferie-SFO dei dagane barnet har SFO-plass. Føresette som søkjer ferieplass for barn som ikkje har fast plass til vanleg, betalar 300 kr pr dag for ferie-SFO. Dette gjeld også barn med redusert plass, som ønskjer plass på dagar dei til vanleg ikkje er i SFO. Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland Publisert 13.10.2021 14.41