Skulemiljø

Skulemiljø

Barn og unge skal både ha eit godt og eit trygt skulemiljø. Trivsel og tryggleik er grunnlag for læring. 

I "analysebrettet" finn de resultat frå nasjonale målingar av skulemiljø.

Resultat 7.klasse

Resultat 10.klasse

Her er dei lovkrav som gjeld for skulemiljøet. 

Sauda kommune har eit felles ordensreglement for alle grunnskulane. Reglementet skal gi klare rammer og fremja eit trygt skulemiljø for alle.

Barnehagane og grunnskulane har ein felles rettleiar for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Denne planen er dei tilsette sitt arbeidsverktøy.

 

Informasjon til føresette om arbeid med skulemiljø og korleis de skal gå fram ved uro for skulemiljøet: 

Førebyggjande arbeid
  • Dei viktigaste grep for eit trygt og godt skulemiljø blir gjort i det daglege arbeidet, i kontakten mellom dei vaksne og elevane. 
  • Folkehelse og livsmeistring er eit av dei tre tverrfaglege tema i ny læreplan
Uro for skulemiljøet for ditt barn?

Ta snarast kontakt med kontaktlærar og meld frå om di uro for ditt barn/ungdom.

Uro for skulemiljøet til deler av eller heile klassen?

Ta snarast kontakt med klassekontakt og meld frå om di uro. Klassekontakt tar kontakt med kontaktlærar, på vegne av klassen.

Kvar skjer når du har meldt frå om uro for skulemiljøet?
  • Skulen har ei aktivitetsplikt når nokon melder frå om uro for skulemiljøet. 
  • Kontaktlærar varslar rektor om saka.
  • Skulen vil ta kontakt med føresette, og det vil bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan. Aktivitetsplanen skal bli laga og gjennomført i dialog med elev og føresette. Aktivitetsplanen blir lagra i eleven si mappe.
  • Det kan også bli laga ein aktivitetsplan for ein klasse eller gruppe. Gjeld aktivitetsplanen ein klasse eller ei gruppe, skal desse bli involvert og informert i arbeidet med å utforma og gjennomføra aktivitetsplan. Aktivitetsplanen blir lagra i ei klassemappe.
  • Aktivitetsplanen skal innehalde:
  1. Kva problem tiltaka skal løysa.
  2. Kva tiltak skulen har planlagt.
  3. Når tiltaka skal bli gjennomført.
  4. Kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka.
  5. Når tiltaka skal bli evaluert.
  • Skulen skal dokumentera kva dei har gjort for å oppfylle aktivitetsplikta.
  • I evalueringsmøte er det føresette og elev som avgjer om uro for skulemiljøet er redusert og/eller fjerna. 
     
Skulen sitt ansvar for å sikre eit godt skulemiljø
  • Skulane har eit ansvar for å ha oversikt og kontroll med korleis skulemiljøet til elevane er. Det skjer for det meste gjennom daglege observasjonar, men også ved elevundersøkinga og andre lokale undersøkingar eller observasjonar.
  • Skulane har ei aktivitetsplikt, med krav til aktivitetsplan, om dei sjølv har ei uro for skulemiljøet til ein eller fleire av elevane. Det same gjeld om utfordringar blir avdekka gjennom brukarundersøkingar.
     
Skjerpa aktivitetsplikt om vaskne krenkjar barn/unge
  • Gjeld uro for skulemiljøet tilsette som gjennom munnleg språk, kroppsspråk eller haldningar opplevast krenkjande, skal du snarast ta kontakt med rektor ved skulen.
  • Gjeld uroa rektor ved skulen sine handlingar eller haldningar, skal du ta kontakt med kommunalsjef.
  • Tilsette ved skulen har varslingsplikt om dei opplever eigne kollegaer opptrer på ein krenkjande måte overfor elevane.
  • Rektor skal varsla kommunalsjef om det blir meldt frå om tilsette som blir opplevd krenkjande.
  • Undersøkingar og tiltak skal setjast i gong straks ved slike saker.
     
Ikkje nøgd med skulen eller kommunen si handtering av saka?

Opplever du at saka di ikkje blir tatt på alvor av skuleleiing og/eller kommuneleiing, kan du melda saka di til Fylkesmannen. Du må har vore i kontakt med rektor ved skulen, eller kommunalsjef,  før du kan melda saka vidare. Det må ha gått minst ei veke etter du tok kontakt med rektor/kommunalsjef, før du kan melda saka vidare.
Er de usemje mellom føresette og skule om saka er løyst, eller ikkje, kan føresette melde saka til Fylkesmannen for å få deira vurdering.
Her kan du melda frå om mobbing til Fylkesmannen.