PPT - Pedagogisk psykologisk tenesteLytt til tekstenStopp avspillingSauda og Suldal har inngått vertskommunesamarbeid med felles PPT-teneste - Indre Ryfylke PPT. Suldal er vertskommune. PP-tenesta Kva tilbyr me? PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Eksempel på særskilde behov kan vera: språk- og talevanskar konsentrasjonsvanskar sosiale- og emosjonelle vanskar åtferdsvanskar syn- og hørselsvanskar generelle lære- eller fagvanskar lese- og skrivevanskar matematikkvanskar Kven kan få tilbod om tenesta? PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Det er viktig for oss at oppgåvene blir sett i samanheng. Både dei system- og individretta oppgåvene skal ivaretakast før tenesta kan involvera seg i for eksempel skulemiljøsaker. Eksempel på systemretta saker kan vera: vera deltakar i ulike utviklingsprosjekt vera deltakar i tverrfaglege team gi informasjon om andre aktuelle hjelpeinstansar gi rettleiing i for eksempel alternativ kommunikasjon Korleis få tilbod? PP-tenesta kan kontaktast av elevar over 15 år, føresette, barnehagar, skular og andre tverrfaglege tenester. I følgje barnekonvensjonen artikkel 12 skal barnet eller eleven bli høyrt og fått gitt uttrykk for synspunkta sine. Dette gjeld òg for vaksne som kontaktar tenesta. Slik søkjer du Offentleg instans brukar skjema som er utarbeidde av PPT for tilvising. Skjema ligg øvst i artikkelen. Søknadsfrist Heile året. Kva kostar det? Tenesta er gratis. Kva skjer vidare? Når PPT har motteke tilvising: Saka blir fordelt på ppt-rådgjevar etter kva type vanske og kven som har kapasitet Føresette blir kalla inn til samtale der ein vil orientera om korleis ein arbeider i tenesta. de vil og få opplysingar om teieplikt, klagerett og informasjon om foreldrerettleiing, jmf. Oppl.lova §5.7, m.m. PP-tenesta skal laga sakkunnig vurdering, og vurdera om barnet eller eleven har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Føresette må samtykkja til dette, jmf. Oppl. Lova §5-4, 2. ledd. Oppfølging av PP-tenesta vidare. Styrar eller rektor har ansvar for gjennomføringa av det spesialpedagogiske tilbodet og gjer og vedtak om naudsynt. PPT er rådgivande instans for barnehage-, skule- og vaksenopplæring. 5 Når saka blir avslutta, skal det sendast brev om dette. Klage Du som foreldar Kan krevja at kommunen undersøkjer om barnet ditt treng spesialpedagogisk hjelp. Skal bli involvert og seia ja før kommunen ber PP-tenesta om å undersøkja barnet ditt Skal bli involvert og seia ja før kommune bestemmer at barnet ditt skal ha spesialpedagogisk hjelp Skal få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet ditt får, og ei vurdering av korleis barnet ditt utviklar seg. Kan klaga dersom barnet ditt ikkje får spesialpedagogisk hjelp. Kan klaga på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa. Lovar og reglar Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder Teiknspråkopplæring før opplæringspliktig alderTidleg skolestartUtsett skulestartFritak frå opplæringsplikta og Fritak frå opplæringspliktaSpesialundervisning og Spesialundervisning Teiknspråkopplæring i grunnskulenAlternativ og supplerande kommunikasjon og Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)Spesialundervisning for vaksne på grunnskulen sine områdeOversikta inneheld eksempel og er ikkje uttømande) Publisert avSolfrid Løvbrekke Handeland Publisert26.10.2020 14.28