Rutinar, skjema og samtykke

Under kvar rutine er det link til skjema. 

Rutinar, skjema og samtykke

Rutine for innskriving
  1. I november kvart år kjem det annonse i lokalavisa og på heimesida med informasjon om innskriving i grunnskulen. NB! Innskriving utsett til januar/februar 2021 grunna Covid-19.
  2. Skulane får informasjon om eleven frå Folkeregisteret. Personalia blir henta inn i skuleadministrasjonsprogrammet.
  3. Alle skulane har ein felles dag der elevane kan få koma på besøk til skulen for å skriva seg inn. Høver det ikkje med besøk denne dagen, kan føresette ta kontakt med rektor ved den aktuelle skule.
  4. På sjølve besøksdagen møtar de opp på skulen, og ventar på tur.
    Skulane vil be om e-postadresse og telefon til føresette som framover skal ha informasjon frå skulen. 
  5. I forkant av besøksdagen ber me alle føresette fylle ut skjema om helseopplysningar for eige barn. Skulane er pålagt å ha ei rutine som sikrar at føresette får gi opplysningar som me skal ta omsyn til i opplæringa.
  6. Barnehagane og skulane i Sauda samarbeidar for ein mjuk og god overgang til skulestart.

Skjema for innskriving - helseopplysningar

Søknad om utsett eller framskunda skulestart
  1. Dersom det av særlege grunnar er vurdert som best for barnet å starta på skulen eit år seinare, eller eit år før ordinær skulestart, kan føresette søkja om dette.
  2. Med særlege grunnar meinast at eleven vil få eit betydeleg betre utbyte av opplæringstilbodet personleg, sosialt og/eller fagleg ved å starta på eit anna tidspunkt.
  3. Om føresette ønskjer utsett skulestart, må dei senda søknadsskjema til rektor ved skulen til barnet innan 15.januar det året barnet fyller 6 år.
  4. På bakgrunnen av søknaden og med samtykke frå føresette, ber rektor PPT som ei sakkunnig utgreiing. Har barnet barnehageplass, ber rektor barnehagen om ein pedagogisk rapport, som følgjer tilvisinga.
  5. PPT vil ta kontakt med føresette og avtala vidare prosess for å gi ei tilråing i saka.
  6. Sakkunnig utgreiing skal vera klar innan 01.mai. Utgreiinga blir sendt til rektor, med kopi til føresette. 
  7. Rektor gjer enkeltvedtak i saka, ut frå den sakkunnige utgreiinga til PPT og eigne vurderingar etter dialog med føresette.
  8. Føresette har klagerett på enkeltvedtaket.

Skjema for søknad om utsett eller framskunda skulestart

Søknad om skuleskyss
  1. For barn/unge som etter lova har rett til skuleskyss, treng det ikkje sendast inn søknad. Dette blir ordna i dialog mellom føresette og rektor.
  2. Føresette som meinar deira barn/unge har ekstra farleg eller vanskeleg skuleveg, og av den grunn har rett til skuleskyss, må senda ein begrunna søknad til rektor ved den aktuelle skulen. 
  3. Rektor vil fatta eit begrunna enkeltvedtak i saka, ut frå vurderingar av vegstrekket. 
  4. Føresette har klagerett på enkeltvedtaket. Fylkesmannen er klageinstans.
  5. Skjema for søknad om skuleskyss 
Rutine for å melda flytting
  1. Skal de flytte til ein annan skulekrets, eller til ein annan kommune, ber me om å få skriftleg melding om dette så snart som mogleg.
  2. For å gjera overgangen til ny skule så god som mogleg, ber me om samtykke til å få dela informasjon som kan vera nyttig for ny skule å kjenne til. De gir samtykke til dette ved å krysse av for «gi informasjon» i dokument skriftleg samtykke.
  3. Noverande kontaktlærar vil ta kontakt med føresette for å drøfta kva informasjon som kan vera nyttig å gi til ny skule. Eleven skal også få uttala seg om kva informasjon som skal bli gitt vidare. Det skal vera semje mellom skule, elev og føresette om informasjon som skal bli gitt vidare.

Link til skjema for å melde flytting

Skjema for skriftlig samtykke 

Skriftleg samtykke

Skulen kan be elev og føresette om samtykke til ulike tiltak. Det overordna føremålet med samtykke er å sikra at elev og føresette kjenner dei har styring med og eigarskap til det som blir gjort for å hjelpa deira barn/ungdom. Barn/ungdom skal bli høyrt, men det er dei vaksne som har eit ansvar for vidare avgjerder. Meiningane til barn frå 12 år skal bli tillagt stor vekt. Barn over 15 år vel sjølv om dei vil gi, eller ikkje gi, samtykke.


Du kan gi eit eller fleire samtykke i same skjema. Skjema omfattar samtykke til følgjande:

1. Stafettloggen
Sauda kommune brukar eit digitalt verktøy med namn Stafettloggen for å sikra god samhandling og felles innsats frå dei som skal hjelpa barn/ungdom til meistring. Stafettloggen er også tiltaksplan.
Om skulen vurderer at det kan vera nyttig med ekstra tiltak for å hjelpa barn/ungdom, vil føresette bli informert om spurt om dei vil samtykka til å oppretta Stafettlogg.
Om samtykket blir gitt, blir tiltak dokumentert i Stafettloggen. Føresette vil ha innsyn i alt som blir skrive. Eleven skal også bli informert og involvert, tilpassa alder.

2. BTI-møte
Er det behov for samarbeid med andre hjelpetenester, vil føresette bli spurt om samtykke til dette. Føresette kan du kryssa av for dei hjelpetenester dei godtek kan bidra i samarbeidet. Samarbeidsmøtet kallar me BTI-møte, betre tverrfagleg innsats.
Stafettloggen fungerer som eit samhandlingsverktøy mellom tenestene, slik at dei veit kva dei andre partane gjer for å hjelpa barnet/ungdommen. Hjelpetenestene vil berre ha innsyn i den loggen dei sjølv skriv. Stafetthaldar, som ofte er kontaktlærar, vil ha innsyn i alt som blir gjort. Det same vil føresette. 

3. Gi informasjon
I dialog mellom elev - heim – skule blir det avklart kva informasjon det blir bedt om samtykke til å gi. Det kan vera informasjon til ein hjelpeteneste som kan bidra til å hjelpa barn/ungdom. I samtykkeskjema kan føresette opplysa om kva informasjon dei samtykker til skal bli gitt.

4. Tilvising til PPT
Gjennom samarbeid og dialog vil elev - heim og skule bli samde om det er grunn til å tilvisa saka til pedagogisk psykologisk rådgivningsteneste (PPT). Før ein kjem så langt i saka, har PPT vore rådgjevar for skulen i arbeidet for å hjelpa eleven, og det har vore prøvd å finne løysingar via tverrfagleg samarbeid. (BTI-møte)
Skal ein formelt tilvisa saka til PPT, må føresette gi eit skriftleg samtykke til dette.
Les meir om PPT og tverrfagleg samarbeid i Sauda kommune
 

5. Tilvising til andre hjelpetenester
Det kan også vera andre hjelpetenester som kan hjelpa i saka. For at dei skal starta sitt arbeid, treng dei ei enkel tilvising.
Det har gjerne vore eit tverrfagleg møte (BTI-møte) der det har blitt vurdert som nyttig med tilvising til andre hjelpetenester. 

Les meir om hjelpetenester og tverrfagleg samarbeid i Sauda kommune. 

Skjema for skriftleg samtykke
 

Klage på opplæringstilbodet

Gjeld klaga skulemiljøet gjeld denne framgangsmåten

Er du misnøgd med tilbodet ditt barn/ungdom får vil me gjerne vite om dette så snart som mogleg. Me kan ikkje gjera noko med det me ikkje veit om. 

Dette kan bli gjort på to måtar:


1. Gi innspel/forslag til forbetringar 

 

  • Drøft saka og dine forslag med kontaktlærar. Kontaktlærar vil saman skuleleiing vurdera innspela, og gi deg ei tilbakemelding.
  • Eventuelt kan du gi innspel til rektor. Rektor må drøfta innspela med aktuelle lærarar.
  • Gjeld innspela dine ein annan lærar eller vaksne, tar du kontakt med rektor. Rektor vil gi innspela vidare, eller oppretta kontakt mellom føresette og den aktuelle lærar for vidare samarbeid.

 

2. Klage på opplæringa

 

  • Me ønskjer skriftlege og begrunna klager, slik at me kan handtera dei på ein god og rett måte jamfør forvaltningslova
  • Treng du hjelp til å skriva, kan du be skulen om hjelp.
  • Rektor vil handsama klaga.
  • Du vil få eit skriftleg svar innan 3 veker.
  • Gjeld klaga rektor, vil kommunalsjef for oppvekst og kultur handsama denne.
  • Av svarbrev vil det koma fram klagerett.
     

Link til skjema for skriftleg klage