Ekstern vurdering

Barnehage- og skuleeigar skal ha eit forsvarleg system for å følgja opp at barnehagane og skulane i kommunen møter lovkrav. Ekstern vurdering er del av kvalitetsoppfølgingsarbeidet til Sauda kommune.

System for kvalitetsoppfølging av barnehagar og skular i Sauda kommune:


Klikk for stort bildeModell system for kvalitetsutvikling i barnehage og skule  

 

Ekstern vurdering

Føremål

Ekstern barnehage- og skulevurdering er eit verktøy for kvalitetsvurdering av barnehagen eller skulen. Det blir også brukt som støtte for barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling.

Ekstern vurdering skal styrkja barnehagen og skulen som lærande organisasjon.

Organisering av arbeidet
  • Sauda og Suldal kommunar samarbeidar om gjennomføring av ekstern vurdering.
  • Suldal har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Sauda, og Sauda har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Suldal. Målet er å få eit eksternt blikk på verksemda.
  • Ekstern vurdering blir gjennomført av eit team på fire personar: Kommunalsjef, fagrådgjevar, ein frå PPT og ein styrar/rektor. Styrar/rektor får delta ca kvart 4.år på ekstern vurdering. Gjennomføringa tar ca 3 dagar for styrar/rektor.
  • Fagrådgjevar har ansvar for det organisatoriske rundt gjennomføringa. Styrar/rektor og kommunalsjef er med på gjennomføring med observasjon, intervju, analyse og vurdering.
  • Fagrådgjevar skriv rapport og har ansvar for å leggja denne fram. Kommunalsjef og styrar deltek i prosessane.
  • Ved å delta i gjennomføring av ekstern vurdering får styrar/rektor god innsikt som kan gi hjelp og støtte til kompetanseutviklingsarbeid i eigen organisasjon/utvikling av lærande organisasjon.
  • Kommunalsjef og fagrådgjevar i vertskommunen deltek når rapporten blir lagt fram for tilsette.
  • Rotasjonsbasert ekstern vurdering gjennomføres i perioden oktober - november.
  • Risikobasert ekstern vurdering gjennomføres når situasjonar oppstår.
Fase 1: Utval av barnehagar og skular til ekstern vurdering

Utval til ekstern vurdering

Rotasjonsbasert utval
  • Alle barnehagar og skular skal med jamne mellomrom få ekstern vurdering.
  • Ekstern vurdering er vurdert å ha verdi for kvar barnehage og skule som rettleiing og støtte til eige kvalitetsutviklingsarbeid og innfrielse av lovkrav.
  • Ekstern vurdering har som målsetting å gi fart og retning til det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet. 
  • Barnehagane og skulane i Sauda vil få ekstern vurdering etter rotasjonsmodell kvart 4.år.
Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune
Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune
Eining/år 2021 2022 2023 2024
Barnehage Brakamoen barnehage SA Leabøen barnehage Rustå barnehage Veslefrikk barnehage
Skule Austarheim skule Risvoll skule Sauda ungdomsskule Fløgstad skule

 

Risikobasert utval
  • Om eigar får informasjon som gir uro for om det skjer alvorlege regelbrot på eit eller fleire område i ein barnehage eller skule, kan ekstern vurdering bli gjennomført.
  • Denne ekstern vurdering kjem i tillegg til rotasjonsbasert ekstern vurdering.
  • Alvorlege regelbrot inneber at det kan ha store negative konsekvensar for barn, unge, vaksne eller lærlingar.
  • Informasjonen til eigar kan koma via munnlege og/eller skriftlege tilbakemeldingar/klager frå barn, unge, føresette eller tilsette, avvik, resultat frå ulike målingar og/eller undersøkingar. Lista over aktuell informasjon er ikkje uttømmande.
  • Eigar gjennomfører ei risikovurdering basert på den informasjonen ein har på aktuelle område, og ut frå dette konkluderer eigar med om det er behov for å gjennomføra ei ekstern vurdering, eller ei. 
  • Risikovurdering med begrunna konklusjon skal bli dokumentert.

 

Fase 2: Område/tema for ekstern vurdering

Område/tema for ekstern vurdering

Rotasjonsbasert ekstern vurdering
  • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir område/tema det same som barnehagen/skulen har valt for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid valt.
  • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir framtidsbiletet barnehagen/skulen har laga for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid sentralt som vurderingsgrunnlag.
  • I tillegg blir aktuelle lovkrav på området sentrale.
Risikobasert ekstern vurdering
  • Ved risikobasert ekstern vurdering blir område/tema for ekstern vurdering valt ut ut frå informasjonsgrunnlag og risikovurdering.
  • Det er i hovudsak lovkrav på området som blir grunnlag for vurdering ved risikobasert ekstern vurdering.
  • Det er eigar som ber om ekstern vurdering ut frå informasjonsgrunnlag. Eksterne vurderarar gjennomfører analyse og risikovurdering av informasjonen.

 

Fase 3: Informasjon

Gi, innhenta og strukturera informasjon

Informasjon til barnehagen og skulen
  • Barnehagen/skulen som skal ha ekstern vurdering får eit informasjonsskriv der det står noko om kva som skal skje og når det skal skje.
    • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering får dei skrivet ca tre månadar i forkant av gjennomføring.
    • Ved risikobasert ekstern vurdering får dei skrivet minst ei veke i forkant. Det avheng av alvorsgrad i informasjon.
  • I informasjonsskrivet står det kva oppdrag styrar/rektor får, som del av arbeidet, bl.a:
    • Informasjon til tilsette, tillitsvalte, føresette og barn/unge
    • Styrar/rektor set av tid i fellesmøte for personalet.
    • Styrar/rektor kallar inn til foreldremøte.
    • Oversikt over dagsrytme/timeplan og romplan, slik at vurderarane kan observera fritt.
    • Velgja ut og be om samtykke frå føresette til barn/unge som blir invitert til intervju med vurderarane.
    • Fristille utvalte tilsette for intervju med vurderarane.
    • Invitera utvalte føresette til intervju med vurderarane.
    • Senda informasjon til vurderarane om barnehagen/skulen sitt kompetanseutviklingsarbeid.

 

Informasjonsgrunnlag for vurderarane

Innhenta informasjon

Rotasjonsbasert ekstern vurdering
  • Kompetanseutviklingsplan med framdriftsplan/plan for utviklingstid
  • Aktuelle referat frå møter
  • Resultat frå kartleggingar, undersøkingar
  • Resultat frå eventuelle ståstadsanalysar
  • Intervju av barn/unge, tilsette og føresette
Risikobasert ekstern vurdering
  • Aktuell informasjon som gir informasjon om område/tema.
  • Innhenting av aktuell informasjon som kan gi eit utfyllande bilete av situasjonen. Situasjonsbestemt/temabestemt.
  • Intervju av barn/unge, tilsette og føresette.

 

Strukturera informasjon
  • Vurderarane strukturerer informasjonen dei har fått:
    • Datagrunnlag
    • Planar og andre dokument
    • Observasjonar
    • Intervju/samtalar

 

Fase 4: Analysera, vurdera og dokumentera
  • Informasjonsgrunnlaget dannar grunnlag for analyse av kva ein har sett av god praksis, kva ein har sett av praksis ein er usikker på, og kva ein har sett av praksis som ein meinar barnehagen/skulen bør forbetra.
  • Kriterier for vurdering er for barnehagen/skulen sitt kompetanseutviklingsarbeid, og/eller lovkrav.
  • Arbeidet blir dokumentert i ein rapport som barnehagen/skulen får presentert og overlevert.
  • Rapporten er eit offentleg dokument som barnehagen/skulen skal leggja ut på heimesida si.
Fase 5: Presentera rapport
  • Styrar/rektor får presentert innhald i rapporten før det blir kjend for tilsette, barn/unge og føresette.
  • Tilsette får presentert rapporten i eit fellesmøte.
  • Føresette via FAU blir invitert til informasjonsmøte med presentasjon av rapport.
  • Styrar/rektor presenterer innhald i rapporten for barn/unge, tilpassa alder.
Fase 6: Vidare oppfølging
  • Styrar/rektor må gi ei skriftleg tilbakemelding til eigar på korleis barnehagen/skulen vil ta med seg innhald i rapporten i sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid.
  • Det kjem fram av årlege statusmøter for barnehagen/skulen sitt arbeid korleis dette arbeidet har blitt gjennomført.
Fase 7: Evaluering
  • Barn/unge, tilsette og føresette som har delteke i ekstern vurdering får etter presentasjon av rapporten tilsendt ei Forms-undersøking der dei gir tilbakemelding på korleis deltakinga har vore, og nytteeffekten av denne.