Ekstern vurdering

Barnehage- og skuleeigar skal ha eit forsvarleg system for å følgja opp at barnehagane og skulane i kommunen møter lovkrav. Ekstern vurdering er del av kvalitetsoppfølgingsarbeidet til Sauda kommune.

System for kvalitetsoppfølging av barnehagar og skular i Sauda kommune:

 
  

 

Føremål

Ekstern barnehage- og skulevurdering er eit verktøy for kvalitetsvurdering av barnehagen eller skulen. Det blir også brukt som støtte for barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling.

Ekstern vurdering skal styrkja barnehagen og skulen som lærande organisasjon.

Organisering av arbeidet
  • Sauda og Suldal kommunar samarbeidar om gjennomføring av ekstern vurdering.
  • Suldal har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Sauda, og Sauda har hovudansvar for gjennomføring av ekstern vurdering i Suldal. Målet er å få eit eksternt blikk på verksemda.
  • Ekstern vurdering blir gjennomført av eit team på tre personar:
    • Pedagogisk rettleiar for barnehage/skule i nabokommunen.
    • PP-kontakt heimkommunen. 
    • Ein styrar frå nabokommunen ved ekstern vurdering barnehage, ein rektor el. inspektør frå nabokommunen ved ekstern vurdering skule.
      • Styrar/rektor/inspektør får delta ca kvart 4. - 8. år på ekstern vurdering. (Alt etter tal deltakakarar.)
      • Gjennomføringa tar ca 4 dagar for styrar/rektor/inspektør som deltek i arbeidet.
    • I tillegg blir interkommunal utviklingsrettleiar invitert til å bli med.
  • Fagrådgjevar har rotasjonsplan for deltaking i ekstern vurdering, i samarbeid med kommunalsjef og einingsleiar PPT.
  • Ved oppstart av barnehage- og skuleåret blir det klart kven som skal delta i årets ekstern vurdering, og fagrådgjevar kallar inn partane i kalender, på dei aktuelle datoar/dagar. Einingsleiar for barnehage/skule får også melding via innkalling i kalender om periode for gjennomføring av ekstern vurdering.
  • Fagrådgjevar har fagansvar for det organisatoriske rundt gjennomføringa. Styrar/rektor/inspektør og PPT-kontakt er med på gjennomføring med observasjon, intervju, analyse og vurdering.
  • Fagrådgjevar skriv rapport og har ansvar for å leggja denne fram. 
  • Ved å delta i gjennomføring av ekstern vurdering får styrar/rektor/inspektør god innsikt som kan gi hjelp og støtte til kompetanseutviklingsarbeid i eigen organisasjon/utvikling av lærande organisasjon.
  • Kommunalsjef og fagrådgjevar i vertskommunen deltek når rapporten blir lagt fram for tilsette.
  • Rotasjonsbasert ekstern vurdering gjennomføres i perioden oktober - november.
  • Risikobasert ekstern vurdering gjennomføres når kommunalsjef vurderer det som eit behov.
Steg 1: Utval av barnehagar og skular til ekstern vurdering
Rotasjonsbasert utval
  • Alle barnehagar og skular skal med jamne mellomrom få ekstern vurdering.
  • Ekstern vurdering er vurdert å ha verdi for kvar barnehage og skule som rettleiing og støtte til eige kvalitetsutviklingsarbeid og innfrielse av lovkrav.
  • Ekstern vurdering har som målsetting å gi fart og retning til det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet. 
  • Barnehagane og skulane i Sauda vil få ekstern vurdering etter rotasjonsmodell kvart 4.år.

Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune

Rotasjon ekstern vurdering Sauda kommune
Eining/år Vår 2022 - PILOT Haust 2022 2023 2024 2025
Barnehage Brakamoen barnehage SA Leabøen barnehage Rustå barnehage Veslefrikk barnehage Brakamoen barnehage SA
Skule Austarheim skule Risvoll skule Fløgstad skule Sauda ungdomsskule

 

Risikobasert utval
  • Om eigar får informasjon som gir uro for om det skjer alvorlege regelbrot på eit eller fleire område i ein barnehage eller skule, kan ekstern vurdering bli gjennomført.
  • Denne ekstern vurdering kjem i tillegg til rotasjonsbasert ekstern vurdering.
  • Alvorlege regelbrot inneber at det kan ha store negative konsekvensar for barn, unge, vaksne eller lærlingar.
  • Informasjonen til eigar kan koma via munnlege og/eller skriftlege tilbakemeldingar/klager frå barn, unge, føresette eller tilsette, avvik, resultat frå ulike målingar og/eller undersøkingar. Lista over aktuell informasjon er ikkje uttømmande.
  • Eigar gjennomfører ei risikovurdering basert på den informasjonen ein har på aktuelle område, og ut frå dette konkluderer eigar med om det er behov for å gjennomføra ei ekstern vurdering, eller ei. 
  • Risikovurdering med begrunna konklusjon skal bli dokumentert.

 

Steg 2: Område/tema for ekstern vurdering
Rotasjonsbasert ekstern vurdering
  • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir område/tema det same som barnehagen/skulen har valt for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid valt.
  • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering blir framtidsbiletet barnehagen/skulen har laga for sitt barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeid sentralt som vurderingsgrunnlag.
  • I tillegg blir aktuelle lovkrav på området sentrale.
Risikobasert ekstern vurdering
  • Ved risikobasert ekstern vurdering blir område/tema for ekstern vurdering valt ut ut frå informasjonsgrunnlag og risikovurdering.
  • Det er i hovudsak lovkrav på området som blir grunnlag for vurdering ved risikobasert ekstern vurdering.
  • Det er eigar som ber om ekstern vurdering ut frå informasjonsgrunnlag. Eksterne vurderarar gjennomfører analyse og risikovurdering av informasjonen.

 

Steg 3: Informasjon til barnehagen/skulen i forkant av gjennomføring
1. Informasjonsskriv til barnehage/skule
  • Barnehagen/skulen som skal ha ekstern vurdering får eit informasjonsskriv der det står noko om kva som skal skje og når det skal skje.
    • Ved rotasjonsbasert ekstern vurdering får dei skrivet ca tre månadar i forkant av gjennomføring.
    • Ved risikobasert ekstern vurdering får dei skrivet minst ei veke i forkant. Det avheng av alvorsgrad i informasjon.
  • Det er fagleg ansvarleg som sender ut informasjonsskriv. (Pedagogisk rettleiar.)
  • Informasjonsskriv som sendes ut.

 

2. Informasjonsmøte
  • Barnehagen/skulen kan invitera fagleg ansvarleg (avsendar av informasjonsskriv) for ekstern vurdering til eit informasjonsmøte der dei får informasjon om metodikken, oppgåver og ansvar i god tid før gjennomføring av vurdering.
  • Styrar/rektor inviterer med seg heile eller deler av personalet, representantar frå barn/unge,  tillitsvalte og foreldrerepresentantar til møtet. 
  • Presentasjon av ekstern vurdering.

 

Steg 4: Styrar/rektor sender inn informasjon

Det kjem fram av informasjonsskrivet kva informasjon styrar/rektor skal senda til fagleg ansvarleg for gjennomføring av ekstern vurdering.

Desse dokument er aktuelle:

  • Barnehagen/skulen sin utviklingsplan.
  • Årsplan (barnehage/SFO)
  • Framtidsbiletet til barnehagen/skulen.
  • Referat frå personalmøter som dokumenterer oppfølging av utviklingsplan. For skule omfattar dette også SFO.
  • Referat frå møter som dokumenterer involvering av barn/unge og føresette i utviklingsarbeidet.
  • Dagsrytme 
  • Romplan (skule)

I tillegg vil vurderarane be om tilgang til aktuelle resultat/informasjon som ikkje er del av det offentlege kvalitetsvurderingssystemet, t.d. medarbeidarundersøking, ståstadsanalyse, aviksstatistikk, statistikk over stafettloggar, aktivitetsplanar, risikovurderingar m.m.

Lista er ikkje uttømmande, annan informasjon kan også vera aktuell.

Steg 5: Vurderingsteamet samlar seg - gjennomgang av innsendt dokumentasjon og tidsplan for gjennomføring
  • Vurderingsteamet får presentert tilsendt dokumentasjon.
  • Framtidsbiletet til barnehagen/skulen er utgangspunktet for gjennomgang av dokumentasjonen.
  • Teamet blir samde om kva dei vil sjå etter under observasjon og lagar samtaleskjema for samtalane.
  • Observasjonar og intervju skal gi eit utfyllande bilete av om barnehagen/skulen er på rett veg ift å bli ein barnehage/skule som er slik framtidsbiletet seier dei ønskjer å vera.
  • Tidsbruk: 1 arbeidsdag.
Steg 6: Utval av barn/unge, føresette og tilsette som skal delta i samtalar

 

  • Styrar/rektor vel ut barn/unge som skal delta i samtalar.
  • Vurderingsteamet vil snakka med ca to barn/unge frå kvar avdeling/klasse/SFO.
  • Foreldrekontaktar/klassekontaktar er ønska som representantar frå føresette.
  • Vurderingsteamet ønskjer å snakka med alle tilsette, ved større skular blir det gjort eit utval.
  • Vurderingsteamet vil ha uformelle samtalar med tilsette gjennom dagen, t.d. ved lunsj, i utetid/friminutt o.l. Innhaldet i desse samtalane vil også bli vektlagt.
Steg 7: Informasjon om tidsplan og organisering av gjennomføring
  • Styrar/rektor får tilsendt ein tidsplan for gjennomføring av arbeidet i vurderingsveka.
    • Styrar/rektor fyller ut manglande informasjon (rom m.m), og sender tilbake til fagleg ansvarleg for vurderingsarbeidet.
  • Samtaleskjema blir også tilsendt.
  • Styrar/rektor presenterer tidsplan og samtaleskjema for barn/unge, føresette og tilsette som skal delta i ekstern vurdering.
  • Styrar/rektor kallar inn til aktuelle møte, slik dei kjem fram av tidsplanen.
    • Felles elev- og personalmøte (skule)
    • Personalmøte (barnehage)
    • Foreldremøte
Steg 8: Gjennomføring av vurderingsveka

Vurderingsveka går over 3 dagar. Oppstart er ofte tysdag, med avslutning torsdag.

Tysdag: 

  • Vurderingsteamet møter styrar/rektor og personalet tysdag morgon. Kort gjennomgang av dagen og praktiske spørsmål.
  • Tilsette på kvar avdeling/i kvar klasse friskar opp informasjon til "sine" barn/unge om kven vurderingsteamet er, og at dei vil koma for å sjå (observera) på avdelingar/i klassar/SFO. 
  • Gjennomføring av samtalar.
  • Evalueringsmøte vurderingsteam:
    • Kva har me tydeleg sett av god praksis?
    • Kva er me usikre på?
    • På kva område innan vurderingstema ser det ut til at barnehagen/skulen har utfordringar?

 

Onsdag:

  • Gjennomføring av samtalar.
  • Evalueringsteam: Analyse og vurdering av funn:
    • Kva er barnehagen/skulen sine sterke sider jmfr. vurderingstemaet?
    • På kva områder innan vurderingstemaet kan praksis til barnehagen/skulen bli forbetra?
    • Spørsmål til refleksjon som kan hjelpa barnehagen/skulen med å koma vidare i sitt utviklingsarbeid, etter vurderingsveka. 
  • Rapportskriving

 

Torsdag: 

  • Rapportskriving
  • Presentasjon av innhald i rapport.
    • Den blir først presentert for barnehage/skuleleiing.
    • Rapporten blir presentert for barn/unge (tilpassa alder) og personalet.
    • Rapporten blir presentert for foreldrerepresentantane.

 

Steg 9: Oppfølging

1. Dela informasjon: 

  • Rapporten frå ekstern vurdering er eit offentleg dokument, og skal bli gjort tilgjengeleg på barnehagen/skulen sine heimesider.
  • Rapporten skal også bli sendt heim til føresette via det digitale kommunikasjonssystemet til barnehagen/skulen.

 

2. Drøfting av rapport:

  • Styrar/rektor har ansvar for at rapporten blir drøfta i alle rådsorgan. Dette skal involvera barn/unge, tilsette og føresette.
  • Rådsorgana skal få koma med innspel til kva dei vurderer kan vera gode tiltak, som oppfølging av rapporten.

 

3. Revidering av utviklingsplan: 

  • Innhald i rapporten og innspel frå barn/unge, tilsette og føresette skal føre til vurdering av behov for å revidera barnehagen/skulen sin utviklingsplan.

 

4. Informasjon til barnehage-/skuleeigar:

  • Revidert utviklingsplan, med begrunning for endringar/justeringar, blir sendt til kommunalsjef.
  • Er det ikkje vurdert som eit behov å revidera utviklingsplan, blir begrunning for dette sendt til kommunalsjef.

 

5. Tema i årleg statusmøte:

  • Styrar/rektor skal i årleg statusmøte leggja inn informasjon om ekstern vurdering, tilstandsrapport og kva vurderinga har tilført utviklingsarbeidet ved barnehagen/skulen.