Samarbeidsutval (SU)

Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval (SU). Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen. Dei er også det einaste organet som har vedtaksmynde.

Samarbeidsutval (SU)

Kva er samarbeidsutval (SU)?

§ 11-1.

 Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter kommuneloven § 5-10 og § 10-8. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

0 Endra med lover 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999 iflg. res. 16 apr 1999 nr. 388), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).
 
Rolle- og ansvarsfordeling
  • Representantar i SU:
    • Leiar og nestleiar i elevråd.
    • Leiar og nestleiar i FAU.
    • To representantar frå dei tilsette.
    • Rektor
    • Politisk representant (skuleeigar)
  • SU skal konstituerast før 15. september, årleg.
  • Det er rektor som skal kalla inn til møte og sikra konstituering. 
  • Blant representantane skal det velgjast:
    • Leiar
    • Nestleiar
  • Rektor er sekretær for utvalet.
  • I Sauda kommune blir samarbeidsutval (SU) og SMU sett saman. Det inneber at det er dei same representantane  i SU, som møter i SMU. Møter blir gjennomført same dato, ulike klokkeslett.
  • I SU er det ein representant til blant dei tilsette. Denne møter ikkje i SMU.
  • Det blir laga ei innkalling og referat som viser eit tydeleg skilje mellom SMU-møtet og SU-møtet. Det er tilrådd at det blir skrive som to ulike innkallingar og to ulike referat.
  • Referat frå SU er eit offentleg dokument og skal lagrast i websak. Saker som er omfatta av teieplikta skal ikkje bli omtala i referat, kun omtalast som drøfting av sak. 
Oppgåver for SU
  • SU har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld drift og utvikling av skulen.
  • Når saker som er omfatta av teieplikta skal opp, skal elevane fråtre møtet.
  • SU er det einaste brukarorganet som har vedtaksmynde.
Møter og møteplan
  • Det blir sett opp ein møteplan med datoar/tid for året i første møtet. SMU og SU-møter blir sett under eitt/felles møtedato, med ulike klokkeslett.
  • Rektor har ansvar for å ta kontakt med leiar i forkant av møtet, for å avklara saker som skal med på saklista.
  • Møteplanen følgjer ca eit slikt oppsett. Ut frå behov er det nokre lokale variasjonar ved kvar skule.
Møteplan rådsorgan
Møteplan rådsorgan
Månad/utval Foreldre sitt arbeidsutval (FAU) FAU-leiars samarbeidsmøte med rektor Skulemiljøutval Samarbeidsutval Kommunalt foreldreutval
August
September x x x
Oktober x
November x x x
Desember x
Januar x x x
Februar x
Mars
April x x x
Mai x
Juni