Foreldremøte i grunnskulenLytt til tekstenStopp avspillingSkulen har eit ansvar for å halda kontakt med føresette gjennom opplæringsåret. Foreldremøtet er ein måte å organisera denne kontakten på. Alle grunnskulane i Sauda har som hovudregel to foreldremøte per skuleår. Ulike former for foreldremøte Foreldremøte for føresette til 1. og 8.klassingar God informasjon til føresette kan bidra til å letta overgangen for barn og unge. Foreldremøter Foreldremøte før oppstart i 1.klasse Foreldremøte før oppstart i 1.klasse blir avhalde like etter påskeferien det året barnet skal starta på skulen. Det er rektor som kallar inn til, og leiar møtet. Om mogleg blir også kommande kontaktlærar med i møtet. Rektor inviterer også helsesjukepleiar med til møtet, slik at han/ho kan gi helsemessig informasjon om skulestart. Elles får føresette informasjon om skulekvardagen, om pliktar, rettar og samarbeid. Det blir valt to klassekontaktar i dette møtet. Foreldremøte ved oppstart i 8.klasse Foreldremøte ved oppstart i 8.klasse blir halde i løpet av dei to første skulevekene. Elles får føresette informasjon om skulekvardagen, om pliktar, rettar og samarbeid. Det blir valt to klassekontaktar i dette møtet. Foreldremøte haust Skulen skal i starten av kvart opplæringsår ha eit foreldremøte der føresette informerast om skulen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. (Forskrift til Opplæringslova § 20-3) Dette foreldremøtet kan delvis organiserast som eit felles informasjonsmøte for fleire klassar/alle klassar ved skulen. Det skal vera ein klassedel av foreldremøtet. 20 minutt av denne delen skal vera føresettes eige møte. Det er klassekontaktane som har ansvar for denne delen av møtet. (20 min) Kontaktlærar er tilgjengeleg på skulen, men er ikkje deltakar i denne delen. Kontaktlærar kan vera deltakar om klassekontaktane ber om dette. Klassekontaktane kan få innspel frå føresette til ønska innhald i denne delen, og/eller bruka tips frå kommunalt foreldreutval til innhald i møtet. Dette foreldremøtet skal bli avhalde før haustferien, årleg. Mal som kan brukast til innkalling haust (DOCX, 22 kB). Foreldremøte vår Sakliste for foreldremøtet vår blir til i samarbeid mellom kontaktlærar og klassekontaktar. Kontaktlærar har ansvar for å ta kontakt med klassekontaktar i forkant av planlegging av foreldremøte vår. Klassekontaktane ber om innspel frå føresette i klassen til kva dei ønskjer å ta opp/saker. Har ikkje føresette innspel, set klassekontaktar og kontaktlærar opp saklista saman. Minst 20 minutt av foreldremøtet skal vera føresettes eige møte. Det er klassekontaktane som har ansvar for denne delen. Kontaktlærar er tilgjengeleg på skulen, men er ikkje deltakar i denne delen av møtet. Kontaktlærar kan vera deltakar om klassekontaktane ber om dette. NB! Klassekontaktane har ansvar for at det blir valt to klassekontaktar frå og med kommande skuleår i dette møtet. (Dagens klassekontaktar sit til nye er valt.) Foreldremøtet vår skal som hovudregel bli gjennomført før påskeferien, årleg. Mal som kan brukast til innkalling vår (DOCX, 29 kB) Felles foreldremøte for elevar og føresette Ei anna form for organisering av foreldremøte kan vera der elevar og føresette er saman. Det kan vera elevar, føresette og/eller kontaktlærar som tar initiativ til eit slikt møte. Andre føresette kan ta initiativ via klassekontaktane. Heile, eller deler av, foreldremøtet både haust og vår kan bli organisert som eit fellesmøte for elevar og føresette. Eit slikt møte kan også inngå som eit av dei to klassemiljøtiltaka klassekontakt har ansvar for. Ved behov kan ein også ha dette som eit ekstra foreldremøte, utover dei faste. Kontaktlærar og klassekontaktar har dialog om dette. Eit slikt foreldremøte kan vera eit klokt grep i klassar der det er behov for tiltak for å betra klassemiljøet for ein eller fleire barn/unge. Det er også ei god organisering for å sikra elevinvolvering og - medverknad. Elevane kan ha som ansvar å organisera eit slikt møte som del av skulearbeidet. Klassekontaktane har dialog med kontaktlærar om dette. Elevane kan gi informasjon om skulen, og det kan bli laga ulike problemstillingar føresette og elevar skal drøfta. Desse kan vera knytt til utfordringar i klassemiljø, eller meir generelle spørsmål det er nyttig å drøfta. Tips til innhald kan du finne her. Tips til organisering av drøftingar: Det kan vera lurt å organisera desse slik at barn/ungdom og føresette er i grupper med 4-5 personar i kvar. Føresette og elevar bør vera blanda. Enten 50 - 50, eller elevar i fleirtal. Ein kan gjerne rotera kven som sit kor i løpet av møtet, slik at alle blir kjend med fleire. T.d drøfte ei problemstilling, så skifte grupper. Føresette og barn/ungdom frå same familie bør/kan gjerne sitja atskilt. Publisert avMålfrid Selvik Årthun Publisert25.02.2021 20.48