Foreldresamtale i grunnskulen

Skulen har eit ansvar for å halda kontakt med føresette gjennom opplæringsåret. Dette blir blant anna gjort gjennom foreldresamtalen.

Organisering av foreldresamtalen

Innkalling til foreldresamtale
  • Føresette får innkalling til foreldresamtale av kontaktlærar.
    • Barneskule: Saman med innkallinga får dei tilsendt samtaleskjema, slik at dei kan førebu seg heime.
    • Ungdomsskule: Føresette får ei innkalling der det står kva som blir tatt opp i samtalen. Der står det også at føresette må førebu seg ved å lesa gjennom undervegsvurderingar, fråvære og evnt. andre kommentarar i Visma.
  • Føresette får tidsoppsett av alle foreldresamtalane, og har sjølv ansvar for å ta kontakt med andre føresette ved behov for byte av tid.
    • Meld frå til kontaktlærar om de har byta tid.
  • Passar ikkje oppsett tidspunkt, og det ikkje høver med byte, ta kontakt med kontaktlærar for ny tid.
Kven deltek i foreldresamtalen?
  • Barn/ungdom og minst ein av dei føresette skal delta i foreldresamtalen. 
    • Ved særlege behov kan barn/ungdom la vera å delta i heile eller deler av samtalen.
    • Barn over 12 år har rett til å vera med i samtalen.
  • Skulen ber om at føresette møter saman til foreldresamtalen, sjølv om dei er fråskilte.
    • Unntaksvis kan skulen organisera to foreldresamtalar for barn/unge med fråskilte foreldre.
  • Det er som hovudregel kontaktlærar som møter frå skulen.
Praktisk gjennomføring
  • Det blir gjennomført foreldresamtalar årleg i september/oktober og i mars/april.
  • Det blir sett av 30 minutt til kvar samtale. For våren 10.klasse blir det sett av 20 minutt til samtalen.
  • Føresette kan be om ny tid for samtale om dei gløymde, eller av andre årsakar ikkje møtte opp til den avtalte tida.
Samtalens innhald, barneskulen

Det er ønskja at samtalen har form som dialog, der ein "kastar ball" med kvarandre om det ein ønskjer å snakka om. Det er viktig å sleppa hovudpersonen til først og mest: Eleven.

Aktuelle spørsmål/område til samtalen. (DOCX, 34 kB)

Samtalens innhald følgjer forskrift til Opplæringslova § 20-3. Partane må sjølv velgja kva område og spørsmål som er viktigast å bruka mest tid på. Det kan også vera andre område og spørsmål enn det som står her. Det kan gjerne avklarast ved oppstart av samtalen.

 

 

 

Samtalens innhald, ungdomsskulen
  • Det blir lagt vekt på høg grad av elevinvolvering i samtalen på ungdomsskulen. Det er eleven si dannings- og læringsreise.
  • Samtalen er 30 minutt. (20 minutt samtale vår, 10.klasse.)
  • Samtalen er to-delt:
  • Del 1: Eleven gir informasjon om korleis dei opplever si eiga dannings- og læringsreise.
    • Eleven har laga presentasjon i forkant. Fokus er på kva han/ho opplever å meistra godt i fag, og kva han/ho opplever behov for meir hjelp til. I tillegg deler han/ho tankar om eigen arbeidsinnsats; i timar, heime og i samarbeidssituasjonar.
    • Eleven brukar desse støttespørsmål som grunnlag for arbeidet sitt. (PDF, 63 kB)
    • Eleven skal også sjå til tidlegare mål som er sette, og dela sine tankar om korleis  han/ho opplever utviklinga har vore ut frå dette.
  • Del 2: Dialog mellom partane. Alle partane kan ta opp aktuelle saker. (Elev, føresette og kontaktlærar.)
Dokumentasjon av samtalen og opplæringa