Føresettes bidrag til eit gode klasse- og skulemiljø

"Når mitt barn har det godt, har ditt barn det godt. Når ditt barn har det godt, har mitt barn det godt."

  • Miljøet i ein klasse og ved ein skule er avhengig av at alle elevar har det bra med seg sjølv og kvarandre.
  • Om eit eller fleire barn/ungdom trivst dårleg, kan det ramma alle sitt klasse- eller skulemiljø på ein negativ måte.
  • Det er skulen sitt hovudansvar å ta hand om dette, men med føresette på eit samla lag blir arbeidet betre og får styrkja effekt.
  • Forsking viser at føresette som er engasjert og involvert i skulen, og snakkar positivt om den overfor barn og unge, kan ha ei avgjerande rolle for eit godt klasse- og skulemiljø.  
  • Føresette som ser verdien av at alle barn og unge kjenner seg inkludert, har vener og får vera med i fellesskapen også på fritid, kan utgjera ein stor skilnad. 
  • Føresette som er rause, og som kan og vil gjera ein ekstra innsats også for barn og unge som via haldningar eller handlingar kan koma til å støta andre frå seg, kan ha ein særskilt stor verdi.
  • Desse sårbare barn og unge treng eigne og andres føresette som ikkje "snur ryggen til" - som aldri gir dei opp.
  • Dei treng vaksne som hjelper dei til å regulera seg inn i fellesskapen.
  • I alle klassar, ved alle grunnskulane i Sauda, har føresette ansvar for å organisera to klassemiljøtiltak årleg. Det er sosialkontakten som har eit hovudansvar for å sikra at det blir gjennomført.
  • "Vaksne skapar venskap."

 

Klassemiljøtiltak

To klassemiljøtiltak årleg
  • Som bidrag til arbeidet med å laga eit godt klassemiljø, har føresette i saudaskulen eit ansvar for at det blir organisert minst to klassemiljøtiltak årleg.
  • Eit haust og eit vår. Gjerne like etter skulestart og vinterstid, når det er roleg med annan organisert aktivitet.
  • Det er den valte sosialkontakten (klassekontakt) som har ansvar for at det blir organisert og gjennomført slike tiltak:
    • Sosialkontakten kan delegera ansvaret til andre føresette.
    • Sosialkontakten ber kontaktlærar senda ut aktuell informasjon om tid, stad og aktivitet.
    • Aktivitetane skal vera enkle å organisera og gjennomføra.
    • Aktivitetane skal også inkludera alle, dvs. at kostnad, oppfølging, transport, e.l ikkje skal hindra nokon elevar frå og delta.
    • Aktivitetane bør leggja opp til at føresette flest deltek, slik at også dei kan bli kjende på meir uformelle arenaer.
Forslag til aktivitetar
  • Badetur 
  • Aketur
  • Grillsamling i hage, strand e.l
  • Tur i nærmiljøet
  • Leik i skulegarden
  • Felles foreldremøte med elevar og føresette, der dialog står sentralt.
  • "Det enkle er ofte det beste" bør vera eit berande prinsipp for val av aktivitet.