FAU skule

FAU skule

Ein klassekontakt frå kvar klasse er medlem av FAU. FAU er foreldra sitt arbeidsutval, og er å sjå som tillitsvalte på vegne av andre føresette.

Rolle- og ansvarsfordeling
  • Det er rektor som har ansvar for at FAU blir konstituert.
  • Konstituering av FAU inneber at det blant medlemmene blir valt:
    • Leiar
    • Nestleiar
    • Sekretær
  • FAU skal vera konstituert før 15.september, årleg.
  • I konstitueringsmøtet blir det også sett opp ein møteplan.
  • Leiar i FAU deltek også i kommunalt foreldreutval for barnehage og skule, samt skulemiljøutval (SMU) og samarbeidsutval (SU).
  • Nestleiar deltek også i SMU og SU.
  • (SMU og SU har felles møtedato, fordi dei flestemedlemmer deltek i begge møte.)
Oppgåver for FAU
  • FAU er eit rådsorgan som kan uttala seg og gi råd om det som vedkjem drift og utvikling ved skulen.
  • FAU har ingen beslutningmynde for det som skjer ved skulen, det har kun SU.
  • FAU er foreldrekontaktar for alle føresette ved skulen.
Opplæring
  • Det blir gitt opplæring til nye klassekontaktar, årleg. FAU-rolla blir også del av denne opplæringa.
  • Representantane blir kalla inn til opplæring før haustferien.
Møter i FAU
  • Det er FAU-leiar, som i samarbeid med sekretær, kallar inn til FAU-møte.
  • FAU-leiar har ansvar for å ta kontakt med sekretær om innhald i saklista, og avtala utsending.
  • Til vanleg møter ikkje rektor i FAU-møta, det er føresette sitt eige forum.
  • Ønskjer FAU å ha rektor med, kan dei invitera med han/ho i ei sak, eller fleire saker.
  • Rektor er tilgjengeleg på skulen når FAU-møtet blir avhalde, om ikkje anna er avtalt.
Møteplan
  • FAU styrer sjølv når dei vil ha sine møte, om dei vil ha dei fysisk og/eller digitalt.
  • FAU set opp ein møteplan i første møte, når dei er konstituert.
  • FAU-leiar set også opp faste samarbeidsmøte med rektor, for å ha dialog om aktuelle saker.
  • Det kan vera lurt å ha møte i forkant av kommunalt foreldreutval (KFU), skulemiljøutval (SMU) og/eller SU (samarbeidsutval),  om det er saker FAU-leiar treng innspel til, og/eller FAU-leiar skal spela inn som sak frå FAU.
  • Under vises oversikt over møte i andre rådsorgan.
  • Det kan vera nokre tilpassingar på kvar skule, etter behov.

Møteplan rådsorgan

Møteplan rådsorgan
Månad/utval Foreldre sitt arbeidsutval (FAU) Skulemiljøutval Samarbeidsutval Kommunalt foreldreutval
August
September x x
Oktober x
November x x
Desember x
Januar x x
Februar x
Mars
April x x
Mai x
Juni