Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon
I kvar klasse blir det valt to klassekontaktar. Ein sosialkontakt og eit FAU-medlem.
For å dela på arbeidsoppgåvene har klassekontaktane kvar sitt hovudansvar/kvar sine roller:
- Sosialkontakt: Er kontaktperson for det sosiale miljøet i klassen og har ansvar for at det blir organisert to klassemiljøtiltak årleg. Sosialkontakt har også ansvar for andre miljøtiltak, t.d. klassetur m.m. Å ha ansvar betyr ikkje at ein skal gjera alt sjølv. Dette kan delegerast til arbeidsgrupper e.l.
- FAU-medlem: Deltek i FAU ved skulen, og evnt. andre rådsorgan som følgjer med oppdraget. (Om ein blir leiar eller nestleiar.) Dei som deltek i FAU er foreldrekontaktar for alle føresette ved skulen, ikkje berre den klassen dei er valt for.
- Felles: Sakliste til- og organisering av foreldremøtet (foreldra sin del), samarbeidar klassekontaktane om. Også om det er klassemiljøsaker, eller andre saker som krev mykje oppfølging.
- Val av klassekontakt for 1.klasse blir gjort på foreldremøtet før oppstart, vår. Rektor har ansvar for at dette blir gjennomført.
- Val av klassekontakt for 8.klasse blir gjort på foreldremøte like etter oppstart, haust. Rektor/kontaktlærar har ansvar for at dette blir gjennomført.
- For alle andre klassar blir val av klassekontaktar gjennomført på foreldremøte vår. Det er sitjande klassekontaktar som har ansvar for at val blir gjennomført. Klassekontaktar gir namn på nye personar til kontaktlærar, som gir formidlar desse til rektor.
- Sitjande klassekontaktar innehar vervet fram til det er valt nye.
- Til vanleg gjeld vervet for eit år. SU ved skulen kan ha valt ei anna rotasjonsordning.
- Foruten dei faste oppgåver som er nemnt over, kan klassekontakten gjera så mykje eller så lite ut av vervet som ein har kapasitet til, og det er ønske om.
- Klassekontaktane er kontaktpersonar for føresette som vil ta opp noko som vedkjem klassemiljøet, som ikkje berre omhandlar eige barn/ungdom. Gjeld det fleire i klassen/heile klassemiljøet, er det klassekontaktane som skal ha dialog med kontaktlærar/skulen.
- Årleg blir det gitt tilbod om opplæring for nye og/eller "gamle" klassekontaktar.
- Dette blir gjennomført før haustferien.
- Pedagogisk rettleiar har kurset, og alle vil få ei innkalling.
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.46