Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule (oppvekst) - KFU-O

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Kommunalt foreldreutval for barnehage og skule (oppvekst) - KFU-O

Sauda har organisert eit felles rådsorgan for føresette i barnehagar og skular, offentlege og privat. KFU-O står for kommunalt foreldreutval for oppvekst.

Mandat til KFU - O
  • Skal fremja føresette sine synspunkt for administrative og politiske beslutningsorgan.
  • Høyringsorgan i alle saker som vedkjem barn og unges oppvekst- og opplæringsmiljø.
  • Skal fremja erfaringsutveksling og foreldresamarbeid.
Rolle- og ansvarsfordeling
  • Foreldrerepresentant frå kvar barnehage og FAU-leiar ved kvar skule utgjer saman KFU-O.
  • Det blir valt leiar og nestleiar blant KFU-O medlemmene.
  • Pedagogisk rettleiar i Sauda kommune er sekretær.
  • Pedagogisk rettleiar kallar inn til først møte mellom 15.09 og 01.10, årleg. I dette møtet blir KFU-O konstituert.
  • Innkalling til- og referat frå KFU er offentlege dokument og blir lagra i kommunens arkivsystem.
  • Pedagogisk rettleiar tar kontakt med leiar for KFU-O i forkant av møtet, for å bli samde om sakliste.
  • Alle medlemmer kan spela inn saker som er aktuelle for dei, og/eller saker som dei har drøfta i eigne FAU/SMU/SU og som dei ønskjer skal drøftast i KFU-O.
  • Pedagogisk rettleiar kan også spela inn saker som er ønska tilbakemelding på.
  • KFU-O kan ta opp saker dei ønskjer skal drøftast i FAU/SMU/SU ved barnehagane/skulane.
Møteplan
  • Datoar for møte blir fastsett i første møte, som pedagogisk rettleiar kallar inn til.
  • KFU-O kan ha fleire møte, om aktuelle saker dukkar opp.
  • KFU-O blir samde om dei ønskjer å gjennomføra fysiske og/eller digitale møte.

Møteplan rådsorgan

Møteplan rådsorgan
Månad/utval Foreldre sitt arbeidsutval (FAU) Skulemiljøutval Samarbeidsutval Kommunalt foreldreutval
August
September x x
Oktober x
November x x
Desember x
Januar x x
Februar x
Mars
April x x
Mai x
Juni