Samarbeidsutval (SU)

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Samarbeidsutval (SU)

Ved kvar barnehage og grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval (SU). Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld barnehagen/skulen. 

Kva er samarbeidsutval (SU)?

§ 4. Foreldreråd og samarbeidsutvalg - Barnehageloven

For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.

Foreldrerådet består av foreldrene til alle barna. Foreldrerådet skal fremme foreldrenes fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter § 20 satt en maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke til foreldrebetaling utover dette.

Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene.

Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget.

0 Endret ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710).

 

§ 11-1 Opplæringsloven

 Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter kommuneloven § 5-10 og § 10-8. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

0 Endra med lover 16 apr 1999 nr. 18 (ikr. 1 juli 1999 iflg. res. 16 apr 1999 nr. 388), 22 juni 2018 nr. 83 (ikr. 1 nov 2019 iflg. res. 25 juni 2019 nr. 879).
 
Rolle- og ansvarsfordeling
  • Representantar i SU:
    • Leiar og nestleiar i elevråd. (skule)
    • Leiar og nestleiar i FAU. (skule)
    • Minst to representantar frå foreldre, fortrinnvis frå ulike avdelingar. (Alle avdelingar bør vera representert.)
    • To representantar frå dei tilsette.
    • Styrar/Rektor
    • Politisk representant (barnehage- og skuleeigar)
  • SU skal konstituerast før haustferien, årleg.
  • Det er styrar/rektor som skal kalla inn til møte og sikra konstituering. 
  • Blant representantane skal det velgjast:
    • Leiar
    • Nestleiar
  • Styrar/rektor er sekretær for utvalet.
  • I Sauda kommune blir samarbeidsutval (SU) og SMU i skule sett saman. Det inneber at det er dei same representantane  i SU, som møter i SMU. Møter blir gjennomført same dato, ulike klokkeslett.
    • I SU er det ein representant til blant dei tilsette. Denne møter ikkje i SMU.
    • Det blir laga ei innkalling og referat som viser eit tydeleg skilje mellom SMU-møtet og SU-møtet. Det er tilrådd at det blir skrive som to ulike innkallingar og to ulike referat.
  • Referat frå SU er eit offentleg dokument og skal lagrast i websak. Saker som er omfatta av teieplikta skal ikkje bli omtala i referat, kun omtalast som drøfting av sak. 
Oppgåver for SU
Møter og møteplan
  • Det blir sett opp ein møteplan med datoar/tid for året i første møtet. SMU og SU-møter blir sett under eitt/felles møtedato, med ulike klokkeslett.
  • Styrar/rektor har ansvar for å ta kontakt med leiar i forkant av møtet, for å avklara saker som skal med på saklista.
  • Møteplanen følgjer ca eit slikt oppsett. Ut frå behov er det nokre lokale variasjonar ved kvar barnehage/skule.
  • FAU (skule) styrer sine møte sjølv/lagar eigen møteplan. Dei kan invitera rektor til å vera med.
  • Det bør vera minst fire årlege møte i SU. 
  • Årshjul for brukarmedverknad som viser forslag til møteplan/-tidspunkt.