Skulemiljøutval

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skulemiljøutval

Alle skular skal ha eit skulemiljøutval. Elevar, føresette og tilsette skal vera representert, men elevar og føresette skal vera i fleirtal.

Kva er eit skulemiljøutval (SMU)?

§ 11-1a.

 

Skulemiljøutval ved grunnsko\lar

Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og føresette til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarsande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsetja, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a

 

Rolle- og ansvarsfordeling
  • Representantar i SMU:
    • Leiar og nestleiar i elevråd.
    • Leiar og nestleiar i FAU.
    • Ein representant frå dei tilsette.
    • Rektor
    • Politisk representant (skuleeigar)
  • SMU skal konstituerast før 15. september, årleg.
  • Det er rektor som skal kalla inn til møte og sikra konstituering. 
  • Blant representantane skal det velgjast:
    • Leiar
    • Nestleiar
  • Rektor er sekretær for utvalet.
  • I Sauda kommune blir samarbeidsutval (SU) og SMU sett saman. Det inneber at det er dei same representantane . med unntak av ein tilsett -  i SMU, som møter i SU. Møter blir gjennomført same dato, ulike klokkeslett.
  • I SMU fråtrer ein representant frå dei tilsette, slik at elevar og føresette er i fleirtal. Kven som kjem fram av konstituering, dvs, det er ein fast representant som fråtrer.
  • Det blir laga ei innkalling og referat som viser eit tydeleg skilje mellom SMU-møtet og SU-møtet. Det er tilrådd at det blir skrive som to ulike innkallingar og to ulike referat.
  • Referat frå SMU er eit offentleg dokument og skal lagrast i websak.
  • Saker som er omfatta av teieplikta skal ikkje bli omtala i referat, kun omtalast som drøfting av sak. 
Oppgåver for SMU
  • SMU har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulemiljøet.
  • Når saker som er omfatta av teieplikta skal opp, skal elevane fråtre møtet.
  • SMU skal elles bidra til å utvikla eit trygt og godt miljø ved skulen.
Møter og møteplan
  • Det blir sett opp ein møteplan med datoar/tid for året i første møtet.
  • Rektor har ansvar for å ta kontakt med leiar i forkant av møtet, for å avklara saker som skal med på saklista.
  • Møteplanen følgjer ca eit slikt oppsett. Ut frå behov er det nokre lokale variasjonar ved kvar skule.

Møteplan rådsorgan

Møteplan rådsorgan
Månad/utval Foreldre sitt arbeidsutval (FAU) Skulemiljøutval Samarbeidsutval Kommunalt foreldreutval
August
September x x
Oktober x
November x x
Desember x
Januar x x
Februar x
Mars
April x x
Mai x
Juni