Foreldremøte i barnehagen

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Foreldremøte i barnehagen

Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg, leik og fremja læring og danning som grunnlag for god utvikling. Foreldremøtet er ein arena for samarbeid om dette.

Alle barnehagane i Sauda har som hovudregel to foreldremøte per barnehageår.

Foreldremøte haust
  • Barnehagen skal i starten av kvart barnehageår ha eit foreldremøte der føresette blir informert om barnehagen, innhald, medverking, rutinar og anna som er relevant. 
  • På dette møtet blir også foreldrekontakt frå kvar avdeling valt. Foreldrekontakten er bindeledd mellom pedagogisk leiar og foreldregruppa, i tillegg til at denne representerer avdelingen i samarbeidsutvalet (SU).
  • Dette foreldremøtet kan delvis bli organisert som eit felles informasjonsmøte for avdelingane, og/eller avdelingsvis.
  • Det skal vera ein avdelingsdel av foreldremøtet. 20 minutt av denne delen skal vera føresette sitt eige møte.
    • Det er foreldrekontaktane som har ansvar for denne delen av møtet. (20 min)
    • Pedagogisk leiar er tilgjengeleg i barnehagen, men er ikkje deltakar i denne delen av møtet.
    • Pedagogisk leiar (og andre tilsette) kan vera deltakar om klassekontaktane ber om dette.
    • Foreldrekontaktane kan få innspel frå føresette til ønska innhald i denne delen, og/eller bruka tips frå kommunalt foreldreutval til innhald i møtet.
  • Dette foreldremøtet skal bli avhalde FØR 20.09, årleg.
  • Mal som kan brukast til innkalling haust(DOCX, 22 kB). (DOCX, 29 kB)
Foreldremøte vår
  • Sakliste for foreldremøtet vår blir til i samarbeid mellom pedagogisk leiar og foreldrekontakt.
    • Pedagogisk leiar har ansvar for å ta kontakt med foreldrekontakt i forkant av planlegging av foreldremøte vår.
    • Foreldrekontakt ber om innspel frå føresette på avdelingen til kva dei ønskjer å ta opp/saker.
    • Har ikkje føresette innspel, set foreldrekontakt og pedagogisk leiar opp saklista saman.
      • Minst 20 minutt av foreldremøtet skal vera føresettes eige møte. 
      • Det er foreldrekontaktane som har ansvar for denne delen.
      • Tips frå kommunalt foreldreutval til tema som kan bli drøfta.
      • Pedagogisk leiar er tilgjengeleg på skulen, men er ikkje deltakar i denne delen av møtet. Pedagogisk leiar (og evnt. andre tilsette) kan vera deltakar om foreldrekontaktane ber om dette.
  • Foreldremøtet vår skal som hovudregel bli gjennomført før påskeferien, årleg.
  • Mal som kan brukast til innkalling vår (DOCX, 29 kB) (DOCX, 29 kB)