Foreldresamtale i barnehagen

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Foreldresamtale i barnehagen

Barnehagen har eit ansvar for å halda kontakt med føresette gjennom barnehageåret. Dette blir blant anna gjort gjennom foreldresamtalen.

Innkalling til samtale
  • Føresette får innkalling til foreldresamtale av pedagog.
    • Saman med innkallinga får føresette tilsendt samtaleskjema, slik at dei kan sjå på dette heime i forkant av samtalen.
  • Føresette får tidsoppsett av alle foreldresamtalane, og har sjølv ansvar for å ta kontakt med andre føresette ved behov for byte av tid.
    • Føresette melder frå til pedagog om dei bytar tid med andre.
  • Passar ikkje oppsett tidspunkt, og det ikkje høver med byte, tar dei kontakt med pedagog for ny tid.
Kven deltek i foreldresamtalen
  • Minst ein av dei føresette deltek i foreldresamtalen. 
  • Barnehagen oppmodar føresette om å møta saman til foreldresamtalen, sjølv om dei er fråskilte.
    • Unntaksvis kan barnehagen organisera to foreldresamtalar for barn/unge med fråskilte foreldre.
  • Det er som hovudregel pedagog som møter frå barnehagen.
Praktisk gjennomføring
  • Det blir gjennomført foreldresamtalar årleg i september/oktober og i mars/april.
  • Det blir sett av 30 minutt til kvar samtale. 
  • Føresette kan be om ny tid for samtale om dei gløymde, eller av andre årsakar ikkje møtte opp til den avtalte tida.
Samtalens innhald
  • Det er ønskja at samtalen har form som dialog, der ein "kastar ball" med kvarandre om det ein ønskjer å snakka om.
  • Føresette kan koma med eigne innspel til kva dei ønskjer skal vera innhald i samtalen. 
  • Utover dette brukar barnehagen følgjande skjema som grunnlag for dialog. (DOCX, 32 kB)