Foreldrefellesskap for barn og unges beste

Foreldrefellesskap for barn og unges beste

"Det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn", er eit gamalt afrikansk ordtak. Barn og unges tryggleik og kjensle av tilhøyre handlar i høg grad om kva me vaksne gjer, og ikkje gjer. Og det me gjer blir forsterka av samhald. 

  • Tilsette i barnehage og skule har sitt profesjonsfellesskap for å utvikla felles praksis for barn og unges beste.
  • Føresette i dag er kanskje dei mest opplyste og "flinke" føresette i historien, men samfunnsutviklinga har ført til at mange er meir åleine om oppdragaransvaret. 
  • Foreldrefellesskap som inkluderer alle kjem ikkje av seg sjølv. Me treng arenaer der dette kan utviklast. Organisert fritidsaktivitet, nabolagsaktivitetar, eller gruppe/klassemiljøtiltak kan vera slike arenaer. 
  • Barnehage og skule er den arena som samlar flest føresette. Me ønskjer derfor at foreldremøtet også skal vera ein arena for å byggja foreldrefellesskap. 
  • Kommunalt foreldreutval har, etter innspel frå føresette i barnehagar og skular, laga ein idêbank med forslag til tiltak som kan fremja foreldrefellesskap.
Organiserte vennegrupper/venneklubb for barn og unge
  • "Vaksne skapar venskap"  gjennom vennegrupper/venneklubb.
  • Vennegrupper er styrt inndeling av grupper med barn/unge frå avdeling/klasse. Desse møtes på fritid.
  • Dette kan vera tiltak føresette er samde om at dei vil ha på avdelingen/i klassen,  eller det kan vera eit tiltak ein tar i bruk i grupper der det er er behov for å styrkja relasjonar mellom barn/unge.
  • Oppretting av slike grupper blir gjerne gjort ved oppstart av kvart barnehage-/skuleår, men kan også bli gjort midt i året.
  • I tillegg til at det kan vera positivt for barn/unge å bli kjend i mindre grupper, og vera med andre enn dei plar å vera saman med, kan det også vera lettare for føresette å få kontakt med kvarandre via desse gruppene. 
  • Føremålet er å bidra til eit trygt og godt miljø mellom barn og unge. Barn og unge som kjenner kvarandre godt, blir tryggare. Vennegrupper/-klubbar kan såleis vera ei god investering i alle barn og unges trivsel og utvikling, både i barnehage/skule og på fritid.
  • Dei tilsette bidreg med å setja saman vennegruppene, og dei består gjerne av 4-6 barn/unge som ikkje er så ofte saman. For unge kan det vera aktuelt med fleire i ein venneklubb.
  • Gruppene møtes heime hos kvarandre ca ein gong kvar månad, etter barnehage-/skuletid.
  • Det er føresette som har ansvar for vennegruppene. Føresette inviterer heim kvar sin gong. Den familien som har ansvar sender melding/informasjon til føresette i vennegruppa om stad og tidspunkt, ca ei veke i forkant.
  • Pedagog/konktaktlærar set opp ei liste med namn på kven som er i gruppene. Første namn i gruppa har første treff, andre namn andre treff, etc...
  • Vel føresette å innføra vennegrupper, er det viktig at alle deltek. Barn/unge må ikkje få lov til å velgja sjølv om dei vil vera med, eller ei. Berre unntaksvis, og begrunna, kan ein be om å få byta gruppe. 
  • Det kan vera aktuelt å kjønnsdela vennegrupper/-klubb, og tiltaket kan også berre omfatta det eine kjønn på avdelingen/i klassen. Dette kan særleg vera aktuelt for unge.
  • Er det plassmangel heime, eller det av andre grunnar er vanskeleg å invitera heim, kan ein organisera treff ute.
  • NB! Vennegrupper skal IKKJE vera som bursdag. Det skal vera vanleg leik/aktivitet mellom barn/unge. Blir det servert mat, skal det vera enkel servering.
  • Ønskjer føresette å starta vennegrupper for barn/unge, tar dei kontakt med pedagog/kontaktlærar og spør om han/ho kan setja opp grupper. 
  • Når alle har vore heime hos kvarandre ein gong, kan ein be pedagog/kontaktlærar laga nye grupper. Eller ein kan halda fast ved dei gruppene ein har.

 

Tema til refleksjon og drøfting i foreldremøte
  • Danning og læring er eit livslangt prosjekt som skjer 24/7.
  • Det som skjer heime har stor innverknad på barn og unges opphald i barnehage/skule, og det som skjer i barnehage/skule har stor innverknad på livet heime.
  • Foreldrefellesskap, der ein kan læra av kvarandre og stå saman om ansvaret føresette har, kan ha ein positiv effekt for barn og unges danning og læring. 
  • Om føresette går saman om å laga reglar på aktuelle område, kan det gi stor tryggleik i foreldrerolla. Barn og unges "alle andre får lov" blir ikkje tillagt like stor verdi om ein er samd med "alle andre" føresette om praksis. Eller kjenner til kvarandre sin praksis.
  • 20 minutt av kvart foreldremøte blir sett av til å dela erfaringar og drøfta ulike sider ved foreldrerolla.
  • Målet må vera at føresette som eit fellesskap kan hjelpa kvarandre med oppdraget.
  • Det er viktig at foreldregruppa vel seg eit tema som er aktuelt for barnegruppa/klassen. Gjerne noko fleire opplever utfordrande. 
  • Det kan vera lurt å la føresette få drøfta tema i mindre grupper først, og deretter be gruppene leggja fram sine tankar for fellesskapet etterpå.
  • Det er foreldrekontaktane/klassekontaktane som organiserer denne delen av møtet. Dei kan be pedagog/kontaktlærar om hjelp, men som hovudregel skal dette vera ein arena der føresette er samla åleina for å kunne prata fritt.

Aktuelle tema og spørsmål

Robuste barn og unge
  • Kor går grensa mellom kva barn og unge må læra seg til å handtera, og kva som er noko dei ikkje skal tola/handtera?
  • Korleis hjelpa barn og unge til å handtera motstand/ubehagelege opplevingar?
  • Korleis kan ein hjelpa barn/unge til å blir ein aktør framfor brikke i sitt eige liv? Dvs. ein/ei som tar styring sjølv, framfor å bli styrt av andre. (Offer for andre.)
Venskap
  • Kva kjenneteiknar eit godt venskap?
  • Skal og kan vaksne "pressa" barn og unge til å bli vener? 
  • Om eit barn/ungdom kjenner seg utanfor, korleis kan føresette hjelpa?
  • Er det utanforskap når eit barn/ungdom kun vil velgja blant nokre få av dei som er i gruppa/klassen, og nektar å vera med andre?
  • Korleis kan ein utfordra vennegjengar/-flokkar til å sleppa andre inn i miljøet?
  • Kor går grensa mellom det som er bra for mitt barn, og det som er bra for ditt barn?
Samarbeid heim - barnehage/skule
  • Korleis kan føresette på ein god måte støtta opp under arbeidet barnehagen/skulen gjer?
  • Kor går grensa for kva føresette skal "blanda seg med" når det gjeld samarbeid heim  -  barnehage/skule?
  • Kva er gode måtar for å ta opp vanskelege saker med barnehagen/skulen?
  • Korleis er kulturen for å ta opp det  som er vanskeleg i vår gruppe/klasse, vår barnehage/skule? Har me gode tips til barnehagen/skulen i dette arbeidet?
  • Korleis er kulturen for å gi gode tilbakemeldingar på arbeidet som blir gjort for våre barn og unge? Har me gode tips til barnehagen/skulen i dette arbeidet?
Innetid/leggjetid
  • Kva tid legg barn/unge seg i vekedagane?
  • Kva gjer de med leggjetid i helger? Kva effekt får dette for vekedagane?
  • Kor lenge får barn/unge vera ute om ettermiddag/kveldar?
  • Er det ønska/behov for å bli samde om når dei skal inn om kvelden? Felles råd om leggjetid?
Trafikktryggleik
  • Dela gode tips til korleis få barn og unge til å gå eller sykla til skulen.
  • Dela gode tips til korleis få barn og unge til å bruka refleks og sykkelhjelm, også til/frå skulen/barnehagen? (Når dei vaksne har gått på jobb, og ikkje kan sjå til at dei brukar dette.)
  • Er det ønska/behov for å bli samde om bruk av trafikksikringsutstyr for barn og unge?
  • Er bilkøyring til/frå skulen/barnehagen ei privatsak, eller ei felles sak?
  • Behov for vs utfordringar med bilar på tomgang utanfor barnehage/skule?
"Folkeskikk" - danning
  • Kva meinar de er  "god folkeskikk?"
  • Kva rutinar bør me som føresette passa på at barn og unge får med seg? Helsa på andre, seia takk, unnskuld, unngå banning? etc. Kva er viktig av slike "ritualer" i samfunnet vårt?
  • Kva andre aktørar (medier) påvirkar barn og unges "folkeskikk", som gjer oppdraget meir krevjande for føresette?
  • Er det greitt å "irettesette" andres barn og unge? Korleis kan dette bli gjort på ein god måte? Bør ein ta kontakt med føresette, om ein har irettesett deira barn/unge? Korleis?
  • Kva kan ein som føresette gjera om barn/unge viser ei åtferd i barnehagen/skulen som ein ikkje kjenner att heime? Korleis kan barnehagen/skulen jobba saman med føresette på ein god måte om dette?
  • Barn og unge som kjenner seg utanfor fellesskapen kan koma til å bruka "ufint språk eller ufin åtferd" som uttrykk for den frustrasjonen dei kjenner på. Det medfører ofte at dei blir endå meir utestengt frå fellesskapen. Føresette til desse barn og unge er også ofte fortvila over situasjonen, og dei kan kjenne på ei skamkjensle. Korleis kan ei foreldregruppe hjelpa til i ein slik situasjon?
  • Dela gode erfaringar med å hjelpa barn og unge til å handtera skuffelsar, motgang og frustrasjonar som er naturlege i livet.
Mobiltelefon, nettbrett og appar
  • Tankar om rett alder for å gi barn og unge mobiltelefon?
  • Kva behov har barn og unge for mobiltelefon?
  • Tankar om aldersgrenser for ulike appar som t.d. Snapchat, Facebook og eigne barn/unges tilgang til desse?
  • Kor mykje tid kan barn og unge få bruka på mobiltelefon og nettbrett dagleg? Korleis regulera dette?
  • Mobiltelefon som vekkerklokke/korleis regulera bruken av mobil etter leggjetid?
  • Kva appar er populære nå? Kva bør me føresette kjenne til om desse?
  • Kva erfaringar har føresette med å handtera "innsynsrett" i barn og unges mobilbruk?
    • Korleis kan me føresette oppdra barn og unge til god åtferd på nett? (Nettvett)
  • Er det ønska/behov for å bli samde om alder for mobiltelefon og tilgang på appar?
Dataspel og aldersgrenser for spel
  • Kor mykje speletid kan barn/unge ha per dag?
  • Bruk av skjerm etter leggjetid, korleis regulerer de dette?
  • Aldersgrense for spel, korleis forhalda seg til desse?
    • Kva gjer ein om ein held seg til aldersgrenser, men barn og unge får spela desse spel når dei besøkjer andre?
    • Kva gjer ein om ein tillet spel med høgare aldersgrenser, og barn/ungdom har med seg besøk heim?
  • Er det ønska/behov for å bli samde om eit klokkeslett for når spel/skjerm skal av om kvelden?
  • Er det behov for felles reglar om spel og aldersgrenser?
Krenkande åtferd og mobbing
  • Kva form for mobbing opplever barn og unge i dag?
  • Kva er skilnad på krenking og mobbing?
  • Kva/kor er tolegrensa for kva som er krenking og kva som er mobbing?
  • Korleis kan me som føresette bidra til at barn og unge ikkje opplever mobbing?
  • Korleis hjelpa barn/ungdom til å bli rause og inkluderande?
  • Korleis jobba med toleranse for ulikskap/mennesker er ulike?
  • Lovverket er slik at den som opplever seg mobba per definisjon er det. Han/ho kan peika på dei som han/ho opplever seg mobba av. Korleis kan ein som føresett handtera det på ein klok måte om eige barn/ungdom blir peika ut som ein/ei som mobbar andre?
  • "Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning." (Ingrid Lund) Denne definisjonen på mobbing brukar barnehagar og skular i Sauda. Korleis kan føresette hjelpa til med å redusera/hindra mobbing, ut frå ei slik forståing av mobbeåtferd og mobbing?
  • Korleis handtera mobbing på nett? 
    • Denne form for mobbing skjer gjerne på fritid, når barn/unge har meir fri tilgang på mobiltelefon. Men, dei såre kjenslene kjem gjerne først fram når dei møtes fysisk på skulen. Kva bør skulen (barnehagen) gjera i slike tilfelle?
  • "Vaksne skapar venskap"  - korleis forstår de dette uttrykket?
Grunnleggjande behov
  • Mat, søvn og fysisk aktivitet er grunnleggjande behov og avgjerande for læring og utvikling.
  • Korleis sikra at desse behov blir dekka når me ikkje kan ha kontroll på alt barn og unge gjer?
  • Korleis ta opp dette med vår ungdom utan å bli avvist som føresette?
Lekser
  • Kva rutiner har de for leksearbeidet?
  • Kva fungerer bra?
  • Kva fungerer mindre bra?

 

Å ta andres perspektiv - dialogspelet
  • "Dialogspelet" er ein konkret metode for å dela meiningar på aktuelle område, og få del i andre sine meiningar.
  • Evna til å kunne sjå ei sak frå andre sitt perspektiv kan vera ein viktig faktor for å fremja eit godt foreldrefellesskap.
  • Me har alle våre verdiar og etiske normer, og desse ligg til grunn for kva me meinar er rett/galt.
  • Har føresette særs ulike oppfatningar av kva som er rett/galt, kan det gi ei foreldregruppe med eit svakt foreldrefellesskap.
  • Ein søkjer gjerne saman med dei som er lik ein sjølv. Ein kan vera likegyldig til, eller ta avstand frå/fordømma dei som har ein annan måte å tenkja og leva på. Inkludert oppdraging av barn/unge.
  • Brukar ein heller denne ulikskapen til å læra av og forstå kvarandre, kan ein byggja eit sterkt foreldrefellesskap. 
  • Eit sterkt foreldrefellesskap er kjenneteikna av rause og inkluderande føresette, som forstår og respekterer ulikskap.
  • Det kan vera aktuelt å bruka denne metoden når det er tema der ein som avdeling/klasse eller barnehage/skule har behov for å koma fram til ei felles beslutning, og/eller andre område der ein har ønskje om å få fram ulike meiningar.
  • Døme på påstandar:
    • Ein kan omforma dei spørsmål som ligg under "tema til refleksjon og drøfting" om til påstandar.
    • Klassen skal reisa på klassetur.
    • Klassen skal reisa på klassetur med "kvite bussar."
    • FAU (eller kommunalt foreldreutval) skal stå fram med eit standpunkt til kva barnehage- og/eller skulestruktur me skal ha i framtida.
    • Barn bør få lov til å ta med eigne leiker til barnehagen kvar dag.
    • Det er greitt å seia til eige barn/ungdom at dei skal la vera å ha/ta kontakt med barn/ungdom som har det eg opplever som dårleg oppførsel.
    • Ingen andre føresette har noko med om eg lar mitt barn/ungdom spela spel med ei høgare aldersgrense enn det som er tillatt.
    • Me bør oppretta vennegrupper på avdelingen/i klassen. (Venneklubb for ungdom)

 

  • Gjennomføring:
    • Foreldre-/klassekontaktane lagar 3-5 påstandar dei ønskjer å få fram ulike meiningar om. 
    • Det blir laga ein påstand per lapp og ein legg 3-5 lappar (påstandar) i ein konvolutt.
    • Ein lagar like mange konvoluttar med (like) påstandar, som det er grupper.
    • Ein deler føresette (og evnt. elevar) i grupper på 3-5 stk.
    • Kvar gruppe får ein konvolutt med påstandar. 
    • I tillegg får dei "spelebrettet" (dialogspelet),  samt minst ein twist til kvar deltakar. (NB! Skal ikkje etast før spelet er slutt.)
    • Kvar gruppe får ein gruppeleiar (t.d kan ein sei "den med kortast hår, den med høgast skostorleik e.l, skal vera gruppeleiar.)
    • Gruppeleiar les opp ein påstand. 
    • Deltakarane legg twisten sin på dialogspelet, og vel eining eller delvis eller ueinig, ut frå kva dei meinar om den påstanden som blei lest opp.
    • Når alle har lagt på sin twist, gir gruppeleiar ordet til ein føresett om gangen. "Runden rundt", slik at alle får koma til ordet. Kvar deltakar må begrunna kvifor dei har lagt twisten sin der dei har lagt den.
    • Når alle har gitt begrunna svar, blir det gitt opning for at ein kan flytte sin twist til eit anna felt. Då må ein begrunna kvifor den blir flytta, t.d at ein lytta til argument andre hadde.
    • Når ein er ferdig med ein påstand, les gruppeleiar opp ein ny påstand, etc.
    • Om tid og ønska, kan leiar i kvar gruppe formidla noko frå drøftingane til fellesskapen. Blei ein samde om noko?

 

Arbeidsdugnad for miljøskapande tiltak
  • Mange opplever det enklare å byggja fellesskap når ein gjer ting saman.
  • Økonomi, lovmessig utføring m.m må alltid avklarast med leiar i barnehagen/skulen, men initiativ til dugnadar som kan auka aktivitet og trivsel for barn og unge er oftast kjærkomne.
  • Ta kontakt med leiar for å høyra om det er aktuelle oppdrag på ei ønskeliste, eller kom med forslag sjølv.