Føresettes bidrag til eit godt barnehagemiljø

Føresettes bidrag til eit godt barnehagemiljø

"Når mitt barn har det bra, har ditt barn det bra. Når ditt barn har det bra, har mitt barn det bra." Føresette kan gi viktige bidrag til å inkludera alle barn i fellesskapet.

 

  • Miljøet på ein avdeling og ved i ein barnehage er avhengig av at alle barn har det bra med seg sjølv og kvarandre.
  • Om eit eller fleire barn trivst dårleg, kan det ramma alle sitt barnehagemiljø på ein negativ måte.
  • Det er barnehagen sitt hovudansvar å ta hand om dette, men med føresette på eit samla lag blir arbeidet betre og får styrkja effekt.  
  • Føresette som ser verdien av at alle barn kjenner seg inkludert, har vener og får vera med i fellesskapen også på fritid, kan utgjera ein stor skilnad. 
  • Føresette som er rause, og som kan og vil gjera ein ekstra innsats også for barn som via haldningar eller handlingar kan koma til å støta andre frå seg, kan ha ein særskilt stor verdi.
  • Desse sårbare barna eigne og andres føresette som ikkje "snur ryggen til" - som aldri gir dei opp.
  • "Vaksne skapar venskap."

Tiltak:

  • Eit enkelt tiltak som kan bidra til eit inkluderande fellesskap for alle barn og føresette, er å møtast  - heilt uformelt - ein ettermiddag på barnehagen sitt uteområde. 
  • Fri og uformell leik og prat, der alle får vera med,  kan gjera underverker for alle partar som deltek. I tillegg til at det vil kunne gi god effekt på miljøet på avdelingen/i barnehagen på dagtid.