God fysisk helse

Kosthald, mosjon og søvn er avgjerande for god utvikling og læring. Å hjelpa barn og unge til å ta vare på si fysiske helse er ei viktig investering i framtida.

For å utvikla og behalda ei god fysisk helse bør ein sikte mot følgjande målsettingar:

  • Alle barn og unge skal vera fysisk aktive minst ein time kvar dag. Det vil seia hard og moderat aktivitet, styrke, balanse og koordinasjon. (Folkehelseoversikten Sauda 2019 - 23)
  • Barn og unge skal ha kompetanse om mat og søvnvanar som fremjar konsentrasjon, utvikling og læring.
  • Ramma for måltidet skal vera slik at barn og unge får tid og ro til å nyta maten.

Det er først og fremst eit foreldreansvar å gi barn og unge gode vanar på dette området. Det kommunale tenestetilbodet er eit supplement til føresette sitt ansvar og arbeid. Hjelpetenestene skal også ha eit tilbod til barn, unge og familiar som treng ekstra hjelp og støtte.

 

Førebyggjande fysisk helsearbeid

0 - 5 år
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Teneste/alder Før fødsel 0-1 år 1 - 5 år 1 - 5 år 1 - 5 år
Jordmor
Helsestasjon
Barnehage Vanntilvenning for 5-åringane Barna får servert sunn og god lunsj, samt frukt kvar dag. Barnehagane har faste turdagar.
PPT
Barne- og familieteam
Barnevernstenesta
Tilbod til føresette

 

6 - 16 år
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Teneste/alder Alle trinn Alle trinn 1. - 4.klasse 5. - 7.klasse 8. - 10.klasse 8. - 10.klasse
Helsestasjon Høgdemål og vekt 3.klasse Høgdemål og vekt 8.klasse
Skulehelseteneste Helsestund i 1.klasse med informasjon om betydning av fysisk aktivitet Individuell samtale om kropp og helse med elevar i 3.klasse Individuell samtale om kropp og helse med elevar i 8.klasse.
Tannhelse Tannpleier informerer elevane om samanhengen mellom mat og tannhelse.
Grunnskulen Symjeopplæring og kroppsøving frå 1. - 10.klasse. Faste aktivitetsdagar og turneringar 6.klasse får undervisning i mat & helse. 9.klasse får undervisning i mat & helse. Skulen har kantine med sunn og god mat, og elevane får gratis frukt kvar dag.
PPT
Barne- og familieteam
Barnevernstenesta
Tilbod til føresette Foreldremøte i 1.klasse der helsesjukepleiar informerer om betydning av godt kosthald, fysisk aktivitet og søvn. Foreldremøte i 8.klasse der helsesjukepleiar informerer om betydning av eit godt kosthald, fysisk aktivitet og søvn.

 

16 - 18 år
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Førebyggjande arbeid fysisk helse
Teneste/alder 16 - 18 år
Helsestasjon
Vidaregåande skule
PPT
Barne- og familieteam
Barnevernstenesta
Tilbod til føresette

 

Ressursar i arbeidet