Samarbeid med PPT - UNDER ARBEID

Målet er at alle barn og unge opplever å få eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske tilbodet skal bli sett i samanheng, og det er eit mål at dei fleste barn/unge skal få den hjelpa dei treng innanfor eit godt tilpassa ordinært tilbod. For nokre barn/unge vil spesialpedagogisk hjelp vera naudsynt for å kunne tilpassa, organisera og gjennomføra tilbodet.

Barn/unge som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbyte av det ordinære tilbodet, kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Før ei slik vurdering blir gjort, skal barnehagen/skulen ha vurdert og prøvd ut tiltak som gjerne utvidar dei tradisjonelle rammene og forståinga for kva eit ordinært/"normalt" tilbod er. 

Eit spesialpedagogisk tilbod handlar ikkje om ressursfordeling i form av tid/timar. Styrar/rektor kan styrka innsatsen rundt barn/unge med ekstra behov i kortare, eller lengre periodar, utan at det ligg føre enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp.

1. Kva gjer de ved uro for eit barn/ungdom si utvikling?
  • Ved uro for barn/unge si emosjonelle, sosiale og/eller læringsmessige utvikling, skal de følgja handlingsrettleiar for BTI, frå nivå 0.
  • Målet er å gi barn/ungdom hjelp innanfor det ordinære tilbodet. For å få til dette, er det viktig å vurdera gode grep innanfor følgjande faktorar: 
    • Tilpassing av tilbodet, med omsyn til relasjonar, metodar, verktøy/utstyr/læremiddel.  Barn/unge sin stemme på kva som har effekt, er sentral.
    • Organisering av tilbodet, t.d med omsyn til tid (inndeling av dagen/timane), ressursar (styrkingstilbod), kompetanse (rett kompetanse til rett tid, på rett stad.)
    • Gjennomføring. Sikra hjelp, støtte og rettleiing til tilsette som skal gjennomføra tiltak. 
  • Barnehagen/skulen jobbar sjølv på dette nivå, i tett dialog og samarbeid med barn/ungdom og føresette.
  • Ingen skal eiga ei utfordring åleina. Alle tilsette må ha tid til å jobbe saman ved hjelp av handlingsrettleiaren.
  • Stafettloggen blir nytta til å dokumentera tiltak på individnivå.
2. Kva gjer de om det er behov for meir hjelp?

 

  • PPT er den første teneste barnehage/skule skal kontakta for å få meir hjelp til å tilpasse tilbodet innanfor det ordinære. BTI-rettleiar nivå 1.
    • PPT er barnehage/skule sin faglege rettleiarteneste, og dei skal bidra til tidleg innsats i form av å hjelpa til for å tilpassa tilbodet innanfor det ordinære.
    • Det er viktig å involvera PPT før det blir kritisk. 
  • Ein treng ikkje å tilvisa til PPT på dette nivå. Dette er eit lågterskel-tilbod, og ein nyttar barnehagen/skulen sin kontaktperson.
    • PPT-kontakten har faste tider/dagar i barnehagane/skulane. Dei tilsette kan be om hjelp desse dagane.
    • Ved oppfølging av enkeltbarn/unge, skal føresette vera informert om at dei tilsette ber om hjelp til å hjelpa deira barn/ungdom. Samtykke er ikkje naudsynt, fordi det er dei tilsette som skal få hjelp til å hjelpa.
  • Det er barnehagen/skulen som har all dokumentasjonsplikt før formell tilvising til PPT. Også det som omfattar eit samarbeid med PPT. Døme: Referat frå samarbeidsmøter med PPT, tiltak som blir prøvd ut etter rettleiing frå PPT.
STOPP-punkt - kva gjer de nå?
  • Om ein ikkje lukkast med å gi barn/ungdom eit tilfredsstillande tilbod innanfor det ordinære, sjølv når tiltak/justeringar på alle område er prøvd ut over tid, så er det tid for å ta "ein fot i bakken" - SAMAN.
  • Spørsmål til evaluering finn de i dette skjema. (DOCX, 14 kB)​​​​​​​
  • Barnehagen/skulen har dokumentasjonsplikt av analyse/refleksjonar som kjem fram i evaluering.
3. Tilvising til PPT
4. Enkeltvedtak
  • Basert på råd i den sakkunnige vurdering fattar styrar/rektor enkeltvedtak om rett til-,  eller avslag på rett til,  spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
  • Styrar/rektor si vurdering baserer seg på korleis han/ho vurderer at dei kan gi barn/ungdom ei tilrettelegging gjennom tilpassing, organisering og gjennomføring av tilbodet. 
    • Ved avslag må styrar/rektor i enkeltvedtaket begrunna korleis dei vil møta barn/unge sine behov for hjelp på ein annan måte enn ved spesialpedagogisk hjelp/-undervisning.
  • Enkeltvedtaket er som hovudregel gjeldande for inntil eit barnehage-/skuleår.
  • For barn/unge med varig nedsett funksjonsnivå, og behov for hjelp, kan enkeltvedtaket gjelda for ein lengre periode. Aldri lengre enn dato for sakkunnig vurdering.
  • Enkeltvedtaket kan også gjelda for kortare periodar enn eit år.
  • Det er også mogleg å opphøyra enkeltvedtak, om barn/ungdom ikkje lengre har behov for eit spesialpedagogisk tilbod. 
  • NB! Det kan ikkje bli skrive enkeltvedtak utan at sakkunnig vurdering ligg føre. 
5. Individuell opplæringsplan (IOP)
  • Barn/unge som har fått rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring, skal ha ein individuell opplæringsplan for dei områda/fag retten omfattar.
  • Det kan ikkje bli laga ein IOP utan at enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/opplæring er utarbeidd.
  • Det kjem fram av mal for IOP kva som skal vera innhald i denne.
  • Tilbodet til barn/ungdom skal følgja innhald i IOP.
STOPP-punkt - undervegsevaluering
  • Undervegs i barnehage-/skuleåret (halvårsvurdering i skule), samlar partane (barn/ungdom, føresette, pedagog/lærar, rektor/styrar og PPT) seg.
    • Undervegs i eit barnehage-/skuleåret er rekna til å vera desember/januar, i samband med halvårsvurdering i skule.
    • Rektor/styrar kallar inn til evalueringsmøte for dei barn/unge som har enkeltvedtak om rett til spesialpedagogisk hjelp/-opplæring.
  • Spørsmål til evalueringsmøte. (DOCX, 15 kB)
  • Barnehagen/skulen har dokumentasjonsplikt.

 

 

 

6. Årsrapport spesialpedagogisk hjelp/-opplæring - UNDER ARBEID
  • I juni, årleg, skal det bli skrive ein rapport som viser evaluering av det spesialpedagogiske tilbodet til barn/ungdom.
    • I skule blir dette gjort som del av den skriftlege dokumentasjonen i Visma Flyt Skole.
  • Mal for årsrapport. (DOCX, 14 kB)
07. Ytterlegare behov for hjelp til å hjelpa barn/ungdom - UNDER PLANLEGGING
  • FØR ei eventuell tilvising til 2.linjetenester utanfor kommunen, skal dei kommunale støttetenestene bli involvert i ei grundigare vurdering av alle forhold som kan ha innverknad på barn/ungdom sine utfordringar.
  • Barn/ungdom er, som alle oss andre, "24 timars menneske", og det som skjer på eit område i livet har effekt på andre område. Derfor er det viktig å kartleggja miljømessige faktorar som kan oppretthalda situasjonen til barn/ungdom, t.d.
    • Barnehage-/skulemiljø.
    • Fritid
    • Heime
  • Det er innsatsteam med spisskompetanse på desse områda som har dialog med dei aktuelle partane for å finne ut meir om barn/ungdom sin situasjon. Eit "djupdykk" for å sjå om annen type tiltak enn tilpassing innanfor tilbodet kan vera aktuelle for å hjelpa barn/ungdom.
08. PPT si involvering for å bidra til gode og trygge overgangar
  • PPT bidreg i alle overgangsmøter:
    • Mellom barnehage - barneskule
    • Mellom barneskule - ungdomsskule
  • Overgangsmøtene har fokus på det som blir klassen som heilskap. Kva viktige grep bør bli gjennomført med omsyn til tilpassing, organisering og gjennomføring for å gi alle barn/unge eit likeverdig og inkluderande opplæringstilbod? PPT deltar i dialog mellom skulane om dette. 
    • Kontaktpersonen frå barnehage deltek i overgangsmøta mellom barnehage - skule, eit på kvar skule.
    • Kontaktpersonane frå skule deltek i overgangsmøta mellom barneskule og ungdomsskule.
    • I overgangsmøta skal ein ha eit likeverdig perspektiv på emosjonell, sosial og læringsmessig utvikling.
09. PPT si involvering i organisasjonsutvikling
  • PPT kan bidra med kompetanse inn i det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet.
  • I tillegg kan PPT bidra på gruppe-/klassenivå, med kompetanse tilpassa dei utfordringane som er der. Det kan vera for ei mindre gruppe tilsette, og/eller heile kollegiet.
  • PPT organiserer felles lærande møte for ressurspedagogar/spesialpedagogar på tvers av barnehagane, og på tvers av skulane, to gonger årleg. PPT har dialog med pedagogane i barnehage/skule om kva som er aktuelle tema/kva kompetanse det er behov for å læra meir om - saman.