Dette vil me oppnå

Overgang barnehage - barneskule/SFO

Trygg

Overgangen mellom barnehage og skule/SFO opplevast mest mogleg saumlaus for alle barn, både med omsyn til relasjonar, fysiske omgjevnadar og innhald.

Glede

Overgangen mellom barnehage og skule/SFO skapar glede ved at alle barn får kjensla av å høyra til i fellesskapet.

Kvart barn opplever at «lista ligg akkurat passe høgt», og får lyst til å læra meir.

Førebudd

Overgangen mellom barnehage og skule/SFO gjer barna førebudde på skulestart og eit meir sjølvstendig liv, ved at dei får øva seg på praktiske, kjenslemessige og sosiale dugleikar.