Barnehagens arbeid

Barnehagens arbeid

Trygg
  • Handlingsplan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø ligg til grunn for arbeidet.
  • Lokale i nærskulen:
    • Alle barnehagane låner lokale av ein av nærskulane kvar veke. Desse samarbeidar: Leabøen - Risvoll, Veslefrikk og Brakamoen SA - Fløgstad, Rustå - Austarheim. (Brakamoen SA - Austarheim, om ledig kapasitet ved skulen.)
  • Overgangspersonale:
    • Om det er mogleg, og behov for eit/fleire barn, kan personale frå barnehagen følgja barn over i skulen dei første dagane. Barnehagane og skulane har dialog om dette i overføringssamtalane. 
Glede
  • Klassetreff:
    • Barnehagane organiserer fire treff for skulestartarane siste 1/2 år i barnehagen.
    • I dette treffet får barna vera saman med dei barna dei skal gå i klasse med.
    • Kvart treff er i tidsrommet mellom klokka 10 - 13. Barnehagane blir samde om evnt. tilpassingar innanfor dette tidsrommet. 

Klassetreff

Klassetreff
Tid Tiltak Innhald Ansvar for organisering
Veke 7, måndag Klassetreff 1 Fysikk og kjemi ved Sauda vidaregåande skule Brakamoen barnehage SA
Veke 10, onsdag Klassetreff 2 I nærbarnehagen til den skulen barna skal starte på. Omvisning/bli kjend inne/ute. Barnehagen som inviterer serverer lunsj. Mat til barn med allergi blir medbragt. Rustå, Veslefrikk og Leabøen har ansvar for å organisera besøket i sine nærbarnehagar. Brakamoen deltek.
Veke 17, måndag Klassetreff 3 Omvisning på skulen v/rektor. Evnt. møte med fadderklasse. Barna møtes i nærbarnehagen, og går saman til skulen. Barnehagane tar med brødmat til sine barn. Felles lunsj på skulen. Pedagog i nærbarnehagen tar kontakt med rektor for avtlae.
Veke 21, onsdag Klassetreff 4 Leik på uteområdet til nærskulen. Barna møtes i nærbarnehagen og går til skulen. Barnehagane tar med brødmat til sine barn. Felles lunsj etter omvisning (ute/inne på skulen.) Rustå, Veslefrikk og Leabøen har ansvar for å organisera besøket på sine nærskular. Brakamoen deltek.

 

Førebudd
  • Livsmeistring:
    • Psykologisk førstehjelp og toleransevindu blir brukt som verktøy for å hjelpa barna til å handtera eigne kjensler.
    • Hjelp til å utvikla uthald og konsentrasjon. 
  • Orden og system:
    • Det blir vektlagt å læra barna gode rutinar for orden og system, slik at dette blir enklare å handtera for barna når dei kjem til skulen.
  • Felles temaplan:
    • Alle barnehagane har felles temaplan siste året i barnehagen.
      • August - november: Venskap
      • Januar - Mars: Livsmeistring
      • Mars - Juni: Språk og omgrepslæring
  • Arbeid med språket:
    • Barnehagane brukar  verktøyet "Språkløyper" (frå Lesesenteret) som grunnlag for å vidareutvikla barna si evne til å delta i sosial kommunikasjon:
      • Forstå og bruke ord og setningar.
      • Utvikla eit godt ordforråd.
    • Barnehagane brukar same omgrepsmodell som skule.