Skulens arbeid

Skulens arbeid

Med skulen meinast skule og SFO. SFO er del av skulen.

Trygg
  • Handlingsplan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø ligg til grunn for arbeidet.
  • Besøk:
    • Alle barna blir invitert til ein besøksdag i juni månad før skulestart. Føresette følgjer med barna. På besøksdagen får barna møta kontaktlæraren sin. På besøksdagen får alle barna ei kladdebok og ein skriveblyant. Skulen inviterer, sjå tidspunkt i køyreplan.
    • Alle barna får i løpet av året besøkja SFO også, også dei som ikkje skal ha plass.
    • Kommande kontaktlærar besøker alle barna i barnehagen før sommarferien. (1-2 timar i barnehagen/kvar barnehage.)
  • Fadder:
    • Alle barna får ein fadder, ein eldre elev ved skulen som passar ekstra godt på, og leikar med dei.
Glede
  • Praktisk og variert arbeid:
    • Praktisk variert arbeid skal vera vektlagt i 1.klasse, gjerne gjennom stasjonsarbeid.
    • Arbeidsoppgåvene gir variasjon i personlege karakterdugleikar barna må ta i bruk og utvikle.
    • Organisering og gjennomføring skal særleg ta omsyn til at dugleiken tålmod (evne til konsentrasjon) oftast er mindre utvikla for ein 5 - 6-åring, enn eit eldre skulebarn.
Førebudd
  • Tid og ro:
    • Det skal vera nok "luft i dagen" til at barna får vera med og samskapa eiga læring.
    • Ein skal unngå stresskjensle for barna i 1.klasse.
  • Orden og system:
    • Det skal brukast tid på å læra barna gode rutinar for orden og system, og oppfølging av dette, slik at barna seinare kan ha meir fokus på fagleg utvikling og progresjon.
  • Livsmeistring: 
    • Psykologisk førstehjelp og toleransevindu blir brukt som verktøy for å hjelpa barna til å handtera eigne kjensler.
  • Grunnleggjande dugleikar:
    • Dei grunnleggjande dugleikane å lesa, skriva, rekna, digital og munnleg dugleik skal vera vektlagt i opplæringa.
    • Lærarane bruker Språkløyper.no som kompetanseressurs for språk, lesing og skriving.
    • Fokus på fag kjem meir inn i 2.klasse.
  • Leseopplæring:
    • Skulane brukar same omgrepsmodell som barnehagane.
    • Bokstavinnlæring følgjer nyare forsking, men blir tilpassa elevane i gruppa sine behov. 
    • Alle skulane brukar det forskingsbaserte treningsopplegget "På sporet" for å hjelpa elevar som strevar med leseutviklinga.
  • Lekser/heimearbeid:
    • Lesing skal vera prioritert område for heimearbeid i heile 1.klasse.
    • Første halvår skal barna berre ha lesing som heimearbeid.
    • Tid brukt på lekser skal bli tilpassa kvart barn, i dialog med føresette. Retningsgivande kan vera 10 - 20 minutt effektiv tid.