Samhandling barnehage - skule

Samhandling barnehage - barneskule

Før skulestart
  • Samarbeid mellom føresette, PPT, barnehage og skule om overgang for barn med særskilte behov. PPT kallar inn.
  • Rektor deltek på deler av foreldremøte i barnehagen hausten før skulestart. Informerer om prosessen før skulestart, skulestart og kort om innhald i opplæringa. Føresette får stille spørsmål. Barnehagen inviterer rektor.
  • Føresette blir invitert til foreldremøte på skulen etter påske, før skulestart. Dei får møta kontaktlærar. Helsesjukepleiar er med for å gi informasjon. Skulen inviterer helsesjukepleiar.
  • Samarbeidsmøte for tilsette i førskulegruppa og 1.klasse 1/2 dag av planleggingsdag ved oppstart av barnehage- og skuleåret. Ein del av møtet er felles for barnehage og skule, og ein del der barnehage og skule samarbeidar sektorvis om arbeid i gruppene/klassane kommande år. Alle som skal jobba i førskulegruppa/1.klasse kan møta; pedagogar/lærarar og fagarbeidarar. Pedagogisk rettleiar kallar inn.
Etter skulestart
  • Barnehage og skule har tre samarbeidsmøte i løpet av første året på skulen:
    • To av møta er samarbeidsmøte der pedagogar i barnehage samarbeidar om innhald og opplegg, og lærarar i 1.klasse møtes med same føremål. Ansvar for å kalla inn blir avklart i oppstartsmøtet planleggingsdag.
    • Eit av møta er for fjorårets pedagogar i førskulegruppa barnehage og fjorårets lærarar i 1.klasse. Føremålet er tilbakemeldingar, evaluering og forbetringar av arbeid og samarbeid. Ein felles del og ein del der kvar barnehage møter skulen. Pedagogisk rettleiar kallar inn.