Skulens arbeidLytt til tekstenStopp avspilling Dette gjer barneskulen Trygg Besøk: Alle barna blir invitert til ein besøksdag i juni månad før skulestart. Tilsette i barnehagen følgjer med barna. På besøksdagen får barna møta kontaktlæraren sin. På besøksdagen får alle barna ei kladdebok og ein skriveblyant. Skulen inviterer, sjå tidspunkt i køyreplan. Barn som skal ha plass i SFO får besøka SFO også. Kommande kontaktlærar besøker alle barna i barnehagen før sommarferien. (1-2 timar) Boka om meg: Barna har med seg "Boka om meg" til besøksdagen. Kontaktlærar brukar denne i opplæringa denne dagen, og ved skulestart. Fadder: Alle barna får ein fadder, ein elev ved skulen som passar ekstra godt på og leikar med dei. Fadderen er frå 4. eller 5.klasse. Bli kjend: Dei første vekene går klassen på tur til alle barna sin heim, slik at dei blir kjende med kvar alle bur. For barn som bur for langt vekke, blir digitale verktøy brukt for å visa bustad. Glede Praktisk og variert arbeid: Praktisk variert arbeid skal vera vektlagt i 1.klasse, gjerne gjennom stasjonsarbeid. Arbeidsoppgåvene gir variasjon i personlege karakterdugleikar barna må ta i bruk og utvikle. Organisering og gjennomføring skal særleg ta omsyn til at dugleiken tålmod (evne til konsentrasjon) oftast er mindre utvikla for ein 5 - 6-åring, enn eit eldre skulebarn. Førebudd Tid og ro: Det skal vera nok "luft i dagen" til at barna får vera med og samskapa eiga læring. Ein skal unngå stresskjensle for barna i 1.klasse. Orden og system: Det skal brukast tid på å læra barna gode rutinar for orden og system, og oppfølging av dette, slik at barna seinare kan ha meir fokus på fagleg utvikling og progresjon. Sjølvregulering: Psykologisk førstehjelp og toleransevindu blir brukt som verktøy for å hjelpa barna til å handtera eigne kjensler. Grunnleggjande dugleikar: Dei grunnleggjande dugleikane å lesa, skriva, rekna, digital og munnleg dugleik skal vera vektlagt i opplæringa. Lærarane bruker Språkløyper.no som kompetanseressurs for språk, lesing og skriving. Fokus på fag kjem meir inn i 2.klasse. Leseopplæring: Skulane brukar same omgrepsmodell som barnehagane. Skulane har felles progresjon for bokstavinnlæring. Denne følgjer nyare forsking som tilrår innlæring av 2-3 bokstavar i veka, som hovudregel. Lærar må tilpasse til sine elevar. Alle skulane brukar det forskingsbaserte treningsopplegget "På sporet" for å hjelpa elevar som strevar med leseutviklinga. Lekser/heimearbeid: Lesing skal vera prioritert område for heimearbeid i heile 1.klasse. Første halvår skal barna berre ha lesing som heimearbeid. Tid brukt på lekser skal bli tilpassa kvart barn, i dialog med føresette. Retningsgivande kan vera 10 - 20 minutt effektiv tid. Publisert avMålfrid Selvik Årthun Publisert09.12.2020 12.30