Rutine for vedtak av skulerute

Rutine for vedtak av skulerute

Sauda kommune samarbeidar med kommunane på Haugalandet om skuleruta.  Me er delvis eit felles bu- og arbeidsmarked, og har eit fagleg samarbeid i regionen. Det er derfor eit mål at kommunane har felles skulerute. Kommunane ønskjer medverknad frå partane før samarbeidsforumet NordR skule gjer endeleg vedtak om skuleruta. Det er kommunalsjef for oppvekst og kultur som representerer Sauda i NordR skule.

Skuleruta ligg til grunn for korleis barnehageruta blir.

  • Det blir vedteke skuleruter for to år kvar gang, dvs. dette er ein prosess som skjer annakvart år.
  • NordR skule har blitt samde om følgjande kriterier for vedtak av skulerute: 
    • Skuleruta møter krav i Opplæringslova §2-2.
    • Skuleruta skal gi elevane eit godt opplæringsår.
    • Skuleåret bør ha flest mogleg heile veker, av omsyn til ferieordningar for føresette.
Prosess for vedtak om skulerute
Tid Kva Ansvar
Hausthalvåret Forslag til skulerute dei to neste år blir utarbeidd av sekretær for NordR skule. Leiar i AU, NordR skule
November Styringsgruppa NordR drøftar forslag til skulerute, og blir samde om kva forslag som skal sendast ut på høyring. Leiar i AU, NordR skule
Høyringsfrist 31.12 Forslag til skulerute blir sendt på høyring til aktuelle høyringsinstansar i kvar kommune. I Sauda er dette samarbeidsutvala ved kvar skule, i tillegg til fagorganisasjonane v/HTV, som representerer tilsette i skule. Kommunalsjef oppvekst og kultur
Januar Høyringsinnspel frå kommunane blir tatt med i Nord R-forum der forslag til felles skulerute for to år fram i tid blir avgjort av styringsgruppa i Nord R. Kommunalsjef oppvekst og kultur
Januar/februar Skuleruta blir lagt fram til politisk handsaming i kommunar som har dette som del av prosessen. Kommunar som har administrativ handsaming av skuleruta følgjer Nord R sitt forslag. Sauda har administrativ handsaming. Kommunalsjef
April Tilbakemelding frå kommunar som har politisk handsaming av skuleruta. Skuleruta blir lagt ut på kommunen sine heimesider. Kommunalsjef