Trygt og godt miljø

Trygt og godt miljø

Barn og unge har rett til å både ha eit trygt og eit godt miljø i barnehage og skule.  Å ha eit godt barnehage- og skulemiljø er knytt til trivsel. Fråvær av mobbing er eit sentralt kjenneteikn på eit trygt barnehage- og skulemiljø. Retten er individuell, og det er barn/unge si subjektive oppleving som avgjer om miljøet er trygt og godt.

Føresette kan ta kontakt med Statsforvaltaren om dei opplever at miljøet i grunnskulen ikkje er trygt og godt.

SFO er del av skule, og i den vidare del av planen er SFO inkludert i det som står om skule.

I plandokumentet er det lagt inn nokre lysbilete frå presentasjon Statsforvaltaren i Rogaland hadde for kommunane i september/oktober 2021. I desse blir det vist til skule, men dei vil også vera gjeldande for barnehage og SFO.

 

Trivsel - mobbing - definisjon
  • Kjenneteikn for trivsel er at barn/unge opplever emosjonell, sosial og læringsmessig tilhøyre i barnehagen, skulen og SFO. (SJå PERMA-plakat under for meir presisering.)
  • Me vel å bruka Ingrid Lund sin definisjon som grunnlag for vår forståing av mobbing:
    • "Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning."
  • Me ser denne saman med Roland og Sørensen Vaaland sin definisjon som seier noko om form, omfang og styrkeforhold mellom partane:
    • "Mobbing eller krenking forstår me som psykisk og/eller fysisk vald retta mot eit offer, utført av einskildpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og episodane vert gjentekne over tid." (Omset til nynorsk frå Roland og Sørensen Vaaland, i Zero, DAFs program mot mobbing, 2003)
Felles forståing for kva trygt og godt barnehage- og skulemiljø er
  • Skal ein løysa utfordringar saman, må ein ha ei felles forståing for kva utfordringa er.
  • Einingsleiar har ansvar for at personalet i barnehagane og skulane årleg - ved oppstart av nytt barnehage- og skuleåret -  saman drøftar:
    • Kva kjenneteiknar eit godt barnehage- og skulemiljø?
    • Korleis forstår de planens definisjon på trivsel og mobbing? 
    • Kva er skilnaden mellom erting - krenking - mobbing?
    • Korleis kan mobbing koma til uttrykk mellom barn og unge?
    • Korleis kan mobbing koma til uttrykk om tilsette krenkjar barn og unge?
      • Er dette annleis enn mobbing mellom barn og unge?
    • Kva inneber uttrykket at ein som tilsett ikkje skal stoppa ei krenking med ei ny krenking?
      • Kva kan døme på slike krenkingar vera?
    • Kva åtferdsuttrykk skal tilsette ha 0-toleranse for? 
      • Korleis møta og handtera slike uttrykk på ein god måte?
    • Kva konkret ligg i det å ha kjennskap til, eller mistanke om at eit barn/ungdom ikkje har eit trygt og godt miljø? Kva kan de ha sett/høyrt om de har ein slik kjennskap/mistanke, og som utløyser aktivitetsplikta?
  • Føresette og barn/unge skal bli involvert i drøftingane.
  • Drøfting blir dokumentert i referat frå drøftingsmøte og ved revisjon av dokument i internkontrollsystem.

 

 

 

Frå BTI-dag, Sauda kommune 2021: