Evaluera

Evaluera

Læring og vidareutvikling er føremålet med evaluering. Evaluering av arbeid for å sikra eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal skje på to plan.

Evaluering av saker
  • Gjennom samarbeid og samhandling via skriftleg aktivitetsplan skjer ei kontinuerleg evaluering. Det er viktig å få til evaluering av eit og eit tiltak, for å kunne sjekke ut effekt. Det er barnehagen/skulen som har ansvar for å evaluera tiltak og ha kontroll med at desse har effekt.
  • Barn/unge og deira føresette bør jamleg få delta i evalueringar. Deira stemme er viktig.
  • I meir komplekse saker, der utfordringane har gått over lengre tid og det har vore krevjande å finne tilfredsstillande løysingar som omfattar alle partar, kan det vera lurt å kalla partane inn til samarbeidsmøte for ei meir grundig evaluering. 
  • Ei slik evaluering skal både skje i individsaker, og for saker som gjeld gruppe/klasse.
  • Sentrale spørsmål i evalueringa er:
    • Kva skjedde?
    • Kvifor skjedde det?
    • Kva gjorde me?
    • Definerte me utfordringa som rett i utgangspunktet, eller var den eigentlege utfordringa noko anna?
    • Kva var effekten av tiltaka?
    • Korleis er situasjonen nå?
    • Kva har me lært av det me har gjort?
    • Kva er lurt å gjera i framtida?
Evaluering av plan

Planen for eit trygt og godt miljø i barnehage og skule skal ha ei jamleg (årleg) ha ei handsaming av følgjande grupper, råd og utval.

FRIST 01.juni årleg.

1. Samtalar med barna/barnas medbestemmelsesmøte i barnehage og elevråd i skule.

2. Tilsette

3. FAU (skule)

5. Samarbeidsutval i kvar barnehage og skule samlar innspel frå alle partar og gir ein felles uttale frå barnehagen/skulen.

Vidare prosess fram mot endeleg vedtak av plan: 

Leiargruppa og HTV for oppvekst drøftar og vurderer innkomne innspel, og fastset plan for eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø.