Jamlege undersøkingar ved uro for barn/unge sin trivsel:
Viser til handlingsrettleiar BTI, nivå 0, der følgjande område skal undersøkjast ved uro for barn/ungdom si utvikling:
- I kva situasjonar oppstår den uro du har?
- Er det spesielle aktivitetar/timar, tidspunkt på dagen/i løpet av veka?
- Kor ofte skjer det som gir deg uro?
- Er det likt/ulikt etter kven barn/ungdom er saman med?
- Ser barn/ungdom ut til å vera trygg/utrygg i situasjonen?
- Kan åtferda vera eit uttrykk/eit språk for det som er utrygt?
Desse funn bør følgjast opp av ein pedagogisk analyse av situasjonen.
Faste undersøkingar 1. - 3.klasse:
Undersøkingane blir gjennmført tidleg i veka og ikkje før ei langhelg, grunna responstid og varsling.
1) Relasjonar mellom barn/ungdom - vaksne
- To gonger årleg gjennomfører alle tilsette ei kartlegging der dei vurderer eigne relasjonar til barn/ungdom i den klassen dei høyrer til september/oktober og januar/februar.
- Dette blir gjennomført eks. i eit klassemøte, der tilsette først kvar for seg set farge på sin relasjon til kvart barn/ungdom. (10-15 min). (Tilsette som har tilhøyre i fleire klassar, vel seg ut ein klasse.)
- Deretter, i same møtet, går kollegiet gjennom lista og deler informasjon om kva farge dei har sett på relasjonen til kvart barn/ungdom. Er det eit eller fleire barn/unge fleire/alle tilsette har ein svak relasjon til, blir ein samde om tiltak for styrkja relasjonane til dette/desse barn/unge.
- Sjekk verktøykassen.
2) Relasjonar mellom barn/ungdom:
- To gonger årleg gjennomføres det kartlegging i kvar klasse der det kjem fram kva relasjonar det er mellom elevane. September/oktober - januar/februar.
- Til dette brukar ein sosiogram eller relasjonssirkelen (sjå verktøykasse)
- Samtaleskjema læringsmiljø (sjå verktøykasse)
Faste undersøkingar 3. - 10.klasse:
Undersøkingane blir gjennmført tidleg i veka og ikkje før ei langhelg, grunna responstid og varsling.
- Spekter digital gjennomføres to gonger årleg for å kartlegge læringsmiljøet i klassane. September/oktober og januar/februar.
- Spekter digital har også eit varslingssystem der elevar som opplever at dei ikkje har eit trygt og godt miljø kan melda frå.
Andre faste tiltak som gir informasjon om korleis barn/unge har det:
Barn/ungdom si meining om læring og trivsel på skulen:
- Ein gong årleg får elevane tilbod om ein strukturert elevsamtale der dei får snakka med ein lærar om trivsel på skulen.
- To gonger årleg deltek barn/ungdom i foreldresamtale, der barn/ungdom, føresette og kontaktlærar har dialog om trivsel og utvikling. (Fleire samtalar om behov.)
- Den nasjonale elevundersøkinga gjennomføres årleg for barn/ungdom i 7. - 10.klasse, november.
Ungdom si meining om trivsel i Sauda:
- Ungdata-undersøking gjennomføres årleg for 8. - 10.klasse i grunnskulen.
Risikovurdering:
- Einingsleiar har ansvar for årleg risikovurdering av trygt og godt miljø.