Dei vaksne sitt ansvar

Følgjande avklaringar ligg til grunn for arbeidet med å fremja eit godt og inkluderande barnehage- og skulemiljø.

Dette er føresetnadar for at me kan gjera eit godt arbeid.

Rolleavklaring
  • Det er dei vaksne sitt ansvar at barn og unge har det bra. Føresette og tilsette må jobba saman for å lukkast i dette arbeidet.
  • Alle tilsette har eit ansvar for å utvikla gode relasjonar til alle barn, unge og føresette.
  • Det er barn/ungdom sjølv som skal definera om han/ho opplever seg krenkja, og/eller utsett for mobbing.
  • Føresette har eit ansvar for å ta kontakt om dei er bekymra for trivselen til eige barn/ungdom. Barnehagen/skulen skal informera føresette om kvar dei skal ta kontakt.
Kommunikasjon
  • Den tilsette skal vera ein vaksen som barn/unge kan ha tillit til.
  • Den tilsette er den profesjonelle part, og har ansvar for å visa forståing for og validera (visa aksept for) kjenslene til barn/unge (og føresette) i krevjande situasjonar. Å validera kjensler er ikkje det same som å godta reaksjonsform, vera samd e.l. Det er ein måte å møta mennesker på.
  • Den tilsette skal vera leiar av gruppa/klassen på ein måte som blir opplevd trygg og tillitsfremjande for barn og unge. Varme og grensetjande tilsette.

 

Meir om å validere barn/unge sine kjensler
  • Å kunne validere kjensler blir beskrive som en nøkkelferdighet for å møta barn/unge på ein god måte.
  • Å validere andre sine kjensler betyr å romme dei akkurat slik dei kjem til uttrykk. Barn/unge uttrykker gjerne kjensler gjennom kroppsspråk, ord eller åtferd som vises. ("All åtferd er uttrykk for kjensler.")
  • Gjennom å validera kjensler kan barn/unge føla seg forstått. 
  • Ein god validering startar gjerne med: "Det er ikkje rart du føler deg.... fordi....., eller "Så klart du føler det slik.... når....."
  • Ein god validering inneheld aldri ordet MEN. (Eg ser, eg forstår, men....) Då mistar valideringa sin verdi.
  • Nokre presiseringar om validering: (Melinda Estelita, Psykolog)
    • Det å validera nokon sine kjensler er ikkje det same som å sei at det er sant. Vent med innvendingar eller dine perspektiv til barn/unge føler seg forstått. Då blir dei gjerne rolegare og kan få ei meir nyansert forståing.
    • Å validere kjensler er ikkje å vera ettergivande, eller "å dulle med." Gjennom å validera kan ein sette grenser på ein meir tydeleg/effektiv måte fordi relasjonen gjer at ein kjem i posisjon til dette. Det fører gjerne til mindre kamp/opposisjon når den som set grenser er ein person ein har tillit til.
    • Å validere kjensler forsterkar ikkje negative kjensler og sjølvmedlidenhet. Kjenslene vil gjerne auka litt i uttrykk gjennom validering, fordi dei blir akseptert. Dette byggjer tryggleik og tillit i relasjonen til deg, og gir deg dermed eit større handlingsrom i relasjonen seinare.

 

Samarbeid
  • Det psykososiale miljø i barnehage og skule (avdeling/klasse) skal vera eit fast tema i foreldremøte.
  • Barn og unge si sosiale læring og utvikling skal vera eit tema ein har dialog om i foreldresamtale/utviklingssamtale, og elles når det er naturleg.
  • Det blir gjennomført strukturerte barnesamtalar med dei eldste barna i barnehagen, og elevsamtalar i skulen. Samtalane er dialogbaserte, og blir gjennomført årleg. Sosial læring og utvikling er eit sentralt tema.
  • Overgangane mellom barnehage - barneskule, barneskule - ungdomsskule og ungdomsskule - vidaregåande skule blir opplevd som planmessige og trygge for barn og unge.