Nivå 1: Ved enkeltståande hendingar (Grønt nivå)
- Dialog mellom tilsette og barn/ungdom. Målet er å finne løysingar saman for å endra situasjonen.
Nivå 2: Ved gjentekne hendingar (Gult nivå)
- Dialog mellom tilsette og barn/ungdom. Målet er å finne løysingar saman for å endra situasjonen.
- Det kan vera behov for oppfølging utover dialog.
- Barn/unge skal så langt råd er bli førebudd på kva oppfølging som kan koma.
Dette er handlingsrommet dei tilsette har for oppfølging:
Den tilsette gjer ei skjønnsmessig vurdering av kva oppfølging dei brukar ut frå kjennskap til barn/unge og situasjonen.
Felles for barnehage og skule:
- Samtale med barn/ungdom, som hovudregel utanfor fellesskapet sine øyre og auge.
- La barn/ungdom få ordna opp etter seg.
- Barn/ungdom kan bli fråteke materiell/utstyr, eller måtte opphalda seg ein annan stad for ein tidsavgrensa periode. Ein tilsett skal ha ansvar for barn/ungdom i denne perioden.
- Barn/ungdom kan få avgrensa rettar/inndraging av goder for ein tidsavgrensa periode. Barn/ungdom får informasjon om kva tidsavgrensinga inneber. ("Kor lenge.")
Skule:
- Utover det overnemnde handlingsrom vises til ordensreglement for grunnskulen.
Nivå 3: Ved alvorlege hendingar (Raudt nivå)
Dette er eit nivå som berre blir brukt når det er vurdert høgst nødvendig. Dette er åtferd som rammar andre (barn/unge eller vaksne) på ein vond måte, og/eller som ikkje er akseptable.
Dette gjeld utøving av fysisk vald/overgrep, mobbing og annan form for psykisk vald/truslar, bruk av rusmiddel/tobakk, øydelegging av bygg, materiell, utstyr. Lista er ikkje fullstendig, og det er dei tilsette som avgjer kva tid ein skal gå til dette nivå. Det kan vera etter ei enkelt-hending, eller fleire hendingar over tid. (Mønster i åtferd.)
Ved å framstå tydelege på at dette ikkje er ønska handlingar/haldningar, er målet å tidleg hjelpa barn/ungdom til å finne/læra andre utrykksformer.
Oppfølging skal bli gjort på ein ikkje-dømmande måte og med eit tydeleg hjelpefokus.
Det er viktig at føresette og barnehage/skule "speler på lag" for å hjelpa barn/ungdom i oppfølging på dette nivå.
Handtering av alvorlege hendingar følgjer ein felles og klar framgangsmåte som er forpliktande for alle partar:
1. Avtal tid for oppfølgingssamtale
Avtale tid for oppfølgingssamtale:
- Den tilsette som var i situasjonen melder frå til styrar/rektor om at det er behov for eit oppfølgingssamtale.
- Styrar/rektor har ansvar for at partane blir kalla inn til eit slikt møte seinast dagen etter hendinga. (Sjølve innkallinga kan bli delegert til pedagog/kontaktlærar.)
- Barn/ungdom får informasjon om at det blir eit slikt møte, og at føresette blir kalla inn. Det er barn/ungdom som har vist at han/ho strevar med å uttrykkja kjensler på ein akseptabel måte som blir kalla inn til samtale.
- Den tilsette som var i situasjonen deltek i møtet, eventuelt pedagog/kontaktlærar.
- Føresette blir kontakta for informasjon om hending, barnehagen/skulen si rutine for oppfølging og hjelpefokuset som ligg til grunn for denne. Det blir også avtalt tidspunkt for samtale det føresette møter. Føresette blir kontakta via telefon eller fysisk, slik at det er rom for spørsmål/svar.
- Det er viktig tryggja både barn/ungdom og føresette på at fokuset er på å hjelpa!
2. Samtalens innhald
Styrar/rektor leiar oppfølgingsmøtet, og det har ein klar og tydeleg struktur for gjennomføring. Denne strukturen kan gjerne informerast om ved oppstart av møtet.
- Barn/ungdom fortel sin versjon av det som skjedde, både i forkant og undervegs. Ingen diskusjon - kun informasjon utan avbrot. Om barn/ungdom ønskjer, kan føresette fortelja.
- Den tilsette som var i situasjonen fortel sin versjon av det som skjedde både i forkant og undervegs. Ingen diskusjon - kun informasjon utan avbrot, på ein ikkje-dømmande måte.
- Styrar/rektor oppsummerer den informasjon partane har gitt. Utan diskusjon, på ein ikkje-dømmande måte. Det er viktig at oppsummeringa validerer (godkjenner/viser forståing for) dei kjenslene barn/ungdom fekk i situasjonen. Det er ikkje kjenslene som er "feil", men det er behov for at desse blir uttrykt på ein annan måte i framtida. Oppsummeringa kan konkludera med at partane ser situasjonen likt, delvis likt, eller heilt ulikt - utan å seia noko om kven som har rett/gal versjon.
- Styrar/rektor formidlar at det viktige med dette møtet er at same kva som skjer så skal det ikkje bli handtert på ein måte som rammar andre på ein vond måte, eller øydelegging av bygg, materiell, utstyr. Det blir konkretisert kva som var den uønska hendinga i det som skjedde og at målet med møtet er at dette ikkje skjer igjen.
- Styrar/rektor opnar for dialog om korleis kjensler kring vanskelege situasjonar kan bli uttrykt på ein annan måte, om det skulle skje igjen? Refleksjon og drøfting over ulike alternativ. Barn/ungdom har den viktigaste stemma.
- Styrar/rektor opnar for dialog om korleis partane kan hjelpa barn/ungdom til å uttrykkja dei kjenslene ein får på ein annan måte, om slike situasjonar skulle oppstå igjen. Barn/ungdom si stemme er viktig, kva hjelp og støtte treng han/ho?
- Det blir om behov laga ein skriftleg aktivitetsplan med tiltak som skal bli prøvd ut, og det blir avtalt eit nytt møte for å evaluera desse. Barn/ungdom sine eigne forslag til tiltak er viktige, men det er barnehagen/skulen som den profesjonelle part som har ansvar for tilpassing, organisering og gjennomføring av tiltak.
- Det er viktig at alle partar (barn/ungdom, føresette og barnehage/skule) har tru på- støttar opp om og følgjer opp tiltaka.
3. Evalueringsmøte (ved skriftleg plan/behov for meir oppfølging)
Evalueringsmøtet blir avtalt i oppfølgingsmøtet. Det bør ikkje gå for lang tid før evaluering, 1 - 4 veker - tilpassa barn/ungdom sin alder og hendingane.
- Har tiltak i den skriftlege planen hatt effekt, slik at ein har unngått tilsvarande situasjonar og/eller at desse har blitt handtert på ein annan måte?
- Skal tiltak halda fram, bli endra og/eller avslutta?
- Er det behov for nye/andre tiltak?
Verktøy for samtale
- For å hjelpa barn/ungdom til å beskrive det som skjedde, kan ein laga eit flytskjema som viser hendinga steg for steg. Ein kan laga enkle teikningar og/eller tekstboksar.
- Når barn/ungdom og partane skal prøva å finne alternative måtar å handtera slike situasjonar på, kan ein ta utgangspunkt i startboks/-teikning, og spør korleis ein kan teikna/skriva opp hendinga om den skulle "tatt ei anna rute."