Trivselsfremjande tiltak

Barnehagane og skulane skal jobba aktivt for å fremja eit trygt og godt miljø for alle.  Dette er noko det blir jobba med kvar dag. 

Det er nokre felles tiltak for alle barnehagar og skular. Desse er blant anna:

  • Alle barnehagane og skulane i Sauda har flotte naturperler nær seg som dei brukar til fysisk aktivitet, leik og læring - heile året. 
  • Alle barnehagar og skular har ein trivselsplan/sosial læreplan med tiltak/aktivitetar som skal fremja eit inkluderande, sosialt og læringsmessig fellesskap. Denne planen blir årleg revidert saman med barn/unge, tilsette og føresette. 
  • Trivselsplanen skal bli laga med omsyn til at nokre barn/unge har behov for forutsigbarhet når det gjeld kva som kjem av aktivitetar og når, i tillegg til at det kan vera behov for å unngå for mange annleis-dagar etter kvarandre/over ein kort periode. Barnehagen og skulen må bruka kjennskap til dei barn/unge som er i barnehagen/skulen og justera planen etter dei behov som er der her og nå.
  • Me har felles planar og eit godt samarbeid om aktivitetar som skal sikra trygge og gode overgangar for barn og unge. 
    • Overgang heim - barnehage
    • Overgang barnehage - barneskule
    • Overgang barneskule - ungdomsskule
    • Overgang ungdomsskule - vidaregåande skule
  • Alle som startar i 1.klasse får ein fadder frå eldre klassetrinn som tar seg ekstra godt av dei.
  • Alle elevar i 7.klasse reiser på leirskule saman. Slik kan dei bli kjend før dei skal i nye klassar på ungdomsskulen.
  • Det blir lagt vekt på å byggja eit sterkt foreldrefellesskap i barnehage og skule.

 

Tips til arbeid med gruppe-/klassemiljø:
  • Støttemateriell til Rammeplan for barnehagen
  • LearnLab - temalab'ar for å fremja fellesskap og auka medvit om korleis eigne haldningar og handlingar kan påverka andre. Logg inn med Feide på LearnLab.no og søk på tema. 
    • Verdiar - LK20 - ein serie med Lab'ar med verdiar som repsekt, ærlegdom, modig, rettferd, inkluderande, hjelpsam, ansvarleg, innovativ, uthaldande, sjølvtillit, eventyrlysten m.m. Er laga for 8. - 10.klasse, men kan tilpassast for yngre barn.
    • Relasjonar - venner - ein Lab der barn/unge får vera med og reflektera over korleis språkbruken påverkar andre, kvifor det oppstår konfliktar, lytte til andre sine meiningar, identitet, mangfald og fellesskap. Er laga for 1. - 2.klasse og 3. - 4.klasse, men passar også for yngre/eldre barn/unge, med tilpassing.
    • Bry deg - blir lansert til skulestart 2022-23. Ein serie Lab'ar for å byggje prososisale klasserom og sosial kompetanse. Aktivitetar knytt til kjensler, intensjonar, opne og skjulte reglar, konsekvensar, tankefeller m.m. Denne lab'serien er laga saman med Læringsmiljøsenteret. Kan bli tilpassa yngre barn.
  • Andre tips til temasider: