Skriftleg aktivitetsplan

Skriftleg aktivitetsplan

Når det skal gjerast tiltak i ei sak, skal barnehagen og skulen laga ein skriftleg aktivitetsplan. Dette er ei oppfølging av aktivitetsplikta.

  • Det er barn/ungdom som opplever eit lite godt og/eller utrygt miljø som skal ha ein aktivitetsplan. 
  • Om barn/unge og/eller føresette ber om tiltak i ei sak, skal det alltid bli oppretta ein skriftleg aktivitetsplan. Dette sjølv om undersøkingar ikkje avdekkar mobbing.
  • Ein aktivitetsplan kan bli oppretta for "enkle" saker, og for meir kompliserte saker. Bruk heller ein aktivitetsplan som dokumentasjon, enn å dokumentera innsats og tiltak som omhandlar læringsmiljøet på andre måtar. 
  • Ein aktivitetsplan skal vera oppretta så snart som mogleg, når delpliktene er gjennomført og dokumentert. Undersøkingar og analyse av funn skal liggja til grunn for tiltak i aktivitetsplan, og det er viktig at tempo og framdrift ikkje blir til hinder for kvalitet i arbeidet.
  • Det er barnehagen/skulen sitt ansvar å finne tiltak for å sikra barn/unge eit trygt og godt miljø. Tiltaka skal i hovudsak retta seg mot praksis i barnehage og skule, det dei tilsette kan gjera noko med.
  • Barn/unge og føresette kan bidra med tiltak, men dei har ikkje eit ansvar for å endra situasjonen.
  • Som hovudregel er det pedagog/kontaktlærar som følgjer opp aktivitetsplikta (opprettar skriftleg aktivitetsplan og følgjer opp arbeidet), saman med barn/unge og føresette. Utfordringane bør løysast på lågast mogleg nivå, med dei som er mest saman i det daglege. Styrar/rektor er alltid informert om- og involvert i prosessane.
  • Barn/unge og føresette kan be om å få drøfta utfordringane med ein annan tilsett, om behov og ønska. 
  • Barn/unge sin medverknad skal stå sentralt i heile prosessen med å løysa utfordringane. Særskilt når det kjem til kva tiltak som skal bli prøvd ut, og evaluering av desse.
  • Føresette skal bli involvert og informert, både i individsaker og i gruppe/klasse - barnehage/skulesaker.

Skriftleg aktivitetsplan ved skjerpa aktivitetsplikt:

Om konklusjon er at det er grunnlag for mistanke om krenkjande handlingar/haldningar følges saka opp som ei personalsak overfor den tilsette.

  • Aktivitetsplan blir oppretta for barn/unge, og denne er knytt til varslinga.

Om konklusjonen er at det ikkje er grunnlag for mistanke om krenkjande handlingar/haldningar, blir det fatta eit enkeltvedtak om dette. Føresette/barn/unge kan klaga på enkeltvedtaket.

  • Sjølv om det ikkje er gjort eit vedtak om krenkjande åtferd, har barn/ungdom likevel rett til ein aktivitetsplan som sikrar eit trygt og godt miljø.
  • Denne aktivitetsplanen blir i slike tilfelle ikkje kopla til varslingssaken.