Undersøkja ei sak

  • Har du/de uro for om eit/fleire barn/ungdom har eit trygt og godt miljø, skal de alltid gjera undersøkingar i saka.
  • Kor raskt desse skal bli gjennomført, må bli vurdert ut frå omsyn til barn/unge sitt beste. Dette blir bestemt i dialog med styrar/rektor. Utan ugrunna opphald, er ei god rettesnor for oppstart av undersøkingar.
  • Når det er mistanke om eller kjennskap til at tilsette krenkjar barn/unge, skal undersøkingane skje STRAKS. 
  • Plikta til å undersøkja gjeld om de har uroen sjølv, eller har fått informasjon om dette frå andre. 
  • Alle undersøkingar skal ha barn og unge sitt beste som grunnleggjande omsyn.
  • Slike saker skal alltid ha høgste prioritet, og leiar har ansvar for å rydda plass i arbeidsdagen slik at involverte tilsette kan delta i arbeidet og gjennomføra undersøkingar så raskt som mogleg.
  • Tempo og framdrift må ikkje vera slik at det ikkje blir gjennomført grundige nok undersøkingar.
  • Det er alltid barn/unge si subjektive oppleving som skal liggja til grunn for om miljøet er trygt og godt. Undersøkingane handlar derfor om å finne ut kva som ligg bak barn/unge si oppleving. Undersøkingane har som føremål å få fram fakta i saka.
  • Undersøkingane handlar ikkje om å framskaffa bevis for eller mot at mobbing/krenkingar har skjedd.

Aktuelle undersøkingar: 

  • Samtale:
    • Alle involverte partar skal få sei si meining og oppfatning av situasjonen, både barn/ungdom det er uro rundt, andre barn/unge som er direkte eller indirekte påverka/involvert, i tillegg til tilsette. 
    • Undersøkingsplikta er ikkje oppfyllt før alle har fått uttalt seg.
    • Styrar/rektor har ansvar for at alle i ei sak blir høyrde.
    • Barn/unge må få naudsynt informasjon for å kunne ta stilling til om dei vil uttala seg, kva saka gjeld, og kvifor og korleis samtalen skal bli gjennomført.
    • Den tilsette har ansvar for å ufarleggjer og tilretteleggja samtalen, og sørgja for at den er tilpassa barn/ungdom sitt modningsnivå.
    • Barn/unge kan ha med sine føresette eller andre som støtte, eller få dei til å uttala seg på sine vegne.
  • Observasjonar:
    • Barnehagen/skulen kan gjennomføra aktuelle observasjonar sjølv, eller dei kan be om hjelp frå PPT til dette arbeidet. Barnehagen/skulen og PPT kan i dialog bli samde om at det kan vera  helse- og velferdstenester som har meir aktuell kompetanse for observasjon på dei aktuelle område, og ta kontakt med desse. Samtykke til slikt samarbeid må bli henta inn om det er individsak.
  • Undersøkingar/kartleggingar:
    • Ein kan bruka dei same undersøkingar som blir brukt i årlege undersøkingar for å følgja med på miljøet, inkludert Digitalt spekter anonym.
    • Om andre undersøkingar ikkje gir nok informasjon, kan ein bruka Digital Spekter - ikkje anonym undersøking i ei sak for barn i 3. - 10.klasse. Det er knytt strenge personvernvilkår til bruk av denne. Sjå meir om vilkår og rutine for gjennomføring under. 
    • Ein kan også be andre tenester om hjelp. (Sjå over.)
  • Barn/unge sitt beste vurdering:
    • Det er nokre faste moment som skal bli vurdert og vekta i ei slik vurdering. Sjå meir informasjon om kva/korleis under. 
  • Pedagogisk analyse:
    • Samanfatning av funn kan bli gjort gjennom ein pedagogisk analyse
    • Det er viktig at undersøkingane belyser om det er andre faktorar i omgjevnadane (enn direkte involverte) som kan påverke barn/unge si oppleving av situasjonen.
    • Pedagogisk analyse basert på dei funn som er gjort kan vera ein godt eigna metode til å få avdekka ulike faktorar.
  • Samanstilling av funn og analyse blir gjort ut frå spørsmål i rutine for oppfølging av resultat. 
  • Alle samtalar og analyse av funn blir dokumentert gjennom referat, slik at ein kan sjå og forstå kva som ligg til grunn for dei vidare faglege vurderingar. Dette inneber også dokumentasjon av barn/unge sitt beste-vurdering. Desse dokument blir lagra i barn/unge si mappe.

 

Barns beste vurdering

Barnekonvensjonen art.3, Grunnloven § 104, Lov om barnehage § 41, § 42 og § 43 og Lov om Opplæring § 9a seier alle at barns beste skal vera eit grunnleggjande omsyn i alle saker som omhandlar barn.

Dette inneber at omsynet til barn og unge sitt beste alltid skal bli vurdert i saker som kan ha påverknad på barn og unge. 

 Barn og unge har rett til å bli høyrt i saker som gjeld dei sjølv. Dette gjeld uavhengig av alder og føresetnadar. Det må alltid bli vurdert om barn/unge er høyrt god nok i saker.

Likevel er ikkje barn og unge si stemme det einaste som skal bli lagt vekt på i saker som handlar om barnehage- og skulemiljø. Deira stemme skal ha stor vekt, men det er barnehagen og skulen som den profesjonelle part som skal ta endeleg stilling til kva som er det beste for barn/unge.

Vurdera

Vurdera handlar om omsyn til kva som er barn og unge sitt beste i denne saka.

Desse punkt skal med i vurderinga:

  • Barn/unge sine synspunkt.
  • Barn/unge sin identitet (kulturell identitet, kjønn, religion og livssyn, seksuell orientering, nasjonal tilhøyre, personlegheit, evner og anlegg.)
  • Familiemiljø og nære relasjonar.
  • Beskyttelse, omsorg og tryggleik for barn/unge (på det aktuelle tidspunkt, framtidig risiko og skade.)
  • Sårbarheit (døme: sårbar situasjon, som å tilhøyra ei minoritetsgruppe, utsatt for vald. Vêr merksam på generelt vs spesifikt.)
  • Rett til helse og barn/unge sin helsetilstand.
  • Retten til utdanning.

 

Vekta

Etter å ha vurdert dei ulike omsyn i vurderingsfasen,  må desse bli vekta opp mot kvarandre. Det må koma tydeleg fram at det er barn/unge sitt beste som er viktigaste kriterium i vekting av omsyn. Det er likevel ikkje det einaste kriterium. 

Vekting mellom dei ulike omsyn ligg til grunn for kva tiltak ein vel. 

Visa

Å visa handlar om å dokumentera den vurdering og vekting som er gjort. Det er viktig å forklara:

1) Korleis barn/unge sitt beste er undersøkt, og kva innhald denne vurderinga har.

2) Kva vekt barn/unge sitt beste har fått i avveging opp mot andre omsyn, og eventuelt kvifor andre omsyn går før barn/unge sitt beste.

 

Bruk av digital spekter - ikkje anonym undersøking (skule)

1. Det rettslege grunnlaget for å bruka Digital Spekter - ikkje anonym er Opplæringslova §9 A-4: Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka og §22A - 5: 

§ 22A-5.Bruk av ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 9A-3 i tilfelle der slike undersøkingar er hensiktsmessige for å kartleggje læringsmiljøet, finne eigna tiltak for å forbetre relasjonar og sikre alle elevar eit trygt og godt skolemiljø.

Skolane kan bruke ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar i oppfølginga av ein konkret mistanke etter opplæringslova § 9A-4 og § 9A-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, der andre måtar å undersøke på ikkje har ført fram.

Ikkje-anonyme læringsmiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei i minst mogleg grad grip inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan bli namngitte. Skolane skal på eigna måte kontrollere om opplysningane er rette før desse blir lagt til grunn for val av tiltak.

0

Tilføyd ved forskrift 7 juli 2021 nr. 2380 (i kraft 1 aug 2021).

 

2. Andre undersøkingar skal alltid gjennomførast først. Det er først når ein ikkje får god nok informasjon i saka med andre undersøkingar, at ein kan vurdera bruk av Digital Spekter - ikkje anonym.

3. Rektor ved skulen tar kontakt med kommunalsjef for å be om løyve til å bruka Digital Spekter - ikkje anonym. Sentrale spørsmål i samtalen:

  • Kva informasjon har ein frå før? Kva type undersøkingar er gjennomført?
    • Er det andre verktøy ein kan prøva ut for å få nok informasjon?
  • Kva annan informasjon har ein behov for, for å kunne setja i gong tiltak som løyser situasjonen?
  •  Korleis forventar ein at Spekter Digital - ikkje anonym kan gi denne informasjonen? 

4. Om løyve til bruk blir gitt, har rektor ansvar for at rutine for gjennomføring følges. Denne rutine ligg i internkontrollsystemet. 

Særlege omsyn ved undersøking av ei sak ved skjerpa aktivitetsplikt

1. Undersøkja saka

Habiliteten til den som skal undersøkja saka må bli grundig vurdert i forkant av undersøking. Styrar/rektor har ansvar for å ha dialog med kommunalsjef om dette  umiddelbart.  I denne dialogen blir det vurdert kven som skal gjennomføra undersøkingane. Gjeld varselet ein i barnehage-/skuleleiinga, skal kommunenivå følgja opp med undersøkingar. 

Struktur for samtale: 

  1. Styrar/rektor (el. overordna) har samtale med barn/ungdom og føresette (el. annen tillitsperson) og fortel kva saka gjeld. Det er viktig at organisering og gjennomføring av samtalen blir tilpassa barn/unge si modning, slik at dei får fram sine opplevingar av situasjonen.
  2. Styrar/rektor (el overordna) har samtale med den tilsette varselet gjeld. Den tilsette kan ha med seg tillitsvalt. Dei observasjonar som er gjort (varsel) og den versjon barn/ungdom har gitt, blir delt. Den tilsette får gi sin versjon av saka. 
  3. Nytt møte med barn/ungdom og føresette. Dei får høve til å kommentere den tilsette sin versjon.

Undersøkingar: 

Det blir beslutta kva andre undersøkingar det er behov for å gjennomføra for å få belyst situasjonen på ein mest mogleg faktabasert måte, i tillegg til å få fram andre forhold som kan ha påverka eleven si oppleving av situasjonen. Dei same undersøkingar som er nemnt over er aktuelle også i slike saker. 

Funn frå samtalar og undersøkingar blir analysert og vurdert ut frå dei same spørsmål som i oppfølging av resultat- rutine. Desse blir dokumentert i referat. 

2. Konklusjon:

Styrar/rektor (el. overordna) konkluderer med om det er grunnlag for mistanke om krenkelse, eller ei.

  • Styar/rektor (el. overordna) kan konkludera med at den tilsette har opprådd ubetenksomt, utan at det er ei krenkande haldning/handling.